23.10.2013 Views

Blyttia_200601_skjer.. - Universitetet i Oslo

Blyttia_200601_skjer.. - Universitetet i Oslo

Blyttia_200601_skjer.. - Universitetet i Oslo

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

BØKER

folkelege namna skil dessutan anten ikkje mellom

ulike (botaniske) artar eller dei gjeld berre for

ein bestemt art til eit bestemt bruk, t.d. beinved

om kristtorn til emne for reidskap eller kjerringris

og kjise om dvergbjørk til kostar eller brensle. Truleg

ville ein trenge ei eiga bok for å få med nok

stoff om namn og tradisjonar til å yte dette rettferd,

slik det er gjort for fleire av treslaga våre (sjå t.d.

Nedkvitne og Gjerdåker 1995).»

Formatet

Flora Nordica er komen med tre bind, og det ligg

føre planar om å gi ut tre til i dei næraste åra.

Dermed anar vi at før Lids flora kjem ut i neste

utgåve, vil ein fullført Flora Nordica stå i hyllene til

fagbotanikarar over heile Norden. Kva meir kan

ein då ønskje seg enn eit slikt skattkammer av

kritisk gjennomarbeidd informasjon om alle ville

eller forvilla karplantar ein nokon gong måtte treffe

på? Som fagbotanikar, truleg svært lite. Ingen over,

ingen ved sida. Dei tidlegare utgåvene av Lids

flora har vore mest einerådande i universitets- og

høgskuleutdanninga i botanikk, og mange skulebibliotek

har Norsk flora. Han har oppnådd eit ry

som Noregs Nasjonale Flora, utarbeidd av norske

fagfolk som han er. Men vil han halda stillinga

dei neste tiåra? Kan hende ikkje. Konkurransen

frå omsette verk på eine sida og Flora Nordica på

hi, kan bli vel tøff. Og det er ikkje vanskeleg å sjå i

bokhandlarane at dette er eit segment i marknaden

som det har gått attende med, både i omsetjing

og utval, i dei seinare åra. Ein amatør vil nok

ha problem med å tileigne seg og finne fram i dei

omfattande nøklane og mylderet av meir eller mindre

sjeldsynte og tilfeldige artar og former i Flora

Nordica. Dei fleste vil ha meir enn nok nytte og

glede av eit verk som den vakre og stort sett korrekt

illustrerte fargefloraen til Mossberg & Stenberg

(2003). Her er det óg mogleg å kose seg

med bileta medan ein blar og kikkar på det som

veks kring ein. Ja, for denne boka er det også

mogleg å ta med seg ut, på ferieturen, i alle fall

om ein ikkje er på fottur og tvungen til å vurdere

vekta opp mot det som trengst av proviant og klesskift.

Samstundes har amatørane oppdaga det elektroniske

mediet: verdsveven fløymer over av beskrivingar

og bilete av all verdas plantar, berre nokre

tastetrykk unna. Ikkje alt er til å lite på, men dei

mange heimesidene og diskusjonsklubbane om

botaniske tema på veven syner klårt at her treffast

folk med gode kunnskapar og ei kritisk haldning

til hobbyen sin. I framtida vil det truleg verte mogleg

å leggje ut Lids flora elektronisk, ja, kan hende er

det nett her redninga vil liggje for Lids flora på sikt.

Å gje seg elektronikken i vald og sameine og samle

den kunnskapen som kjem inn frå alle kantar.

Ei utgåve med interaktive nøklar der ein ikkje vel

mellom ulike tekstalternativ, men klikkar seg fram

i eit hierarki av symbol – bilete av dei kritiske karakterane,

til ein kjem fram til rett art – eller ei liste

over moglege svar på kva plante ein har føre seg.

Og kan sende inn til redaksjonen bilete og opplysningar

om funn. Det er nok å peike på kva ein

har fått til med «Den virtuella floran» (Naturhistoriska

riksmuseet 2006) i vårt granneland, for å

syne utfordringa for floraen i bokform.

Vi kan jamvel tenkje oss ei elektronisk utgåve

av Lids flora som får plass i ein liten dings som

går i lomma med heile floraen på. Rett nok er her

tekniske problem, t.d. batteria som aldri varar lenge

nok, og vatn og fukt som gjer dingsen ubrukande.

Men framleis er det snøggare å slå opp i ei bok

enn på ein PC. Difor trur vi det finst von for Lids

flora som bok. Men då må neste utgåva gjerast

meir hendig og brukande. Både profesjonelle brukarar

og amatørar treng ein hendig ekskursjonsflora.

Her finst mange større eller mindre floraer

som kunne tenkjast å fylle ei slik nisje, eit vel illustrert

oversyn til turbruk. Men i dei fleste vi har sett

av dette slaget er det ein tendens til at mange,

jamvel vanlege artar vantar. Dermed er dei lite brukbare

for ein seriøs student eller amatør, og boka

hamnar lett i hylla heime, slik den klassiske vesle

boka «Fjellflora» (Gjærevoll & Jørgensen 1952,

2005) har gjort hjå mange. Kan «mursteinen» til

Lid passast inn her? Vi oppfattar det å gi ut siste

utgåva i mjuk plastinnbinding som eit steg i denne

leia, med målet at boka skulle bli hendig på ekskursjonar,

under feltkurs og på tur. Eit slag «hakkespettbok»

i botanikk for folk med glede av å ferdast

i det fri og nyfikne på naturen kring oss. Vi trur ikkje

det er nok med mjukt omslag, og har nokre forslag

til forbetringar som vil minske vekta drastisk

og gjere innbindinga mindre sårbar.

Vi tillet oss difor å samanlikne Lids flora med

«Felleskatalogen over farmasøytiske spesialpreparater

markedsført i Norge» (Felleskatalogen

2005). Denne kom dette året med si 47. utgåve.

Trass i at innhaldet er eit heilt anna, er katalogen

gjort for å tole noko av den same handsaminga,

på legekontor, laboratorium og i apotek landet om.

Vi har også kikka på den velkjende «Excursion

Flora of the British Isles» (Clapham et al. 1981) og

«The Plant Book» (Mabberley 1997). I tabell 1 er

nokre vitale mål sett opp. Som vi ser ville eit tynn-

36 Blyttia 64(1), 2006

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!