23.10.2013 Views

Blyttia_200601_skjer.. - Universitetet i Oslo

Blyttia_200601_skjer.. - Universitetet i Oslo

Blyttia_200601_skjer.. - Universitetet i Oslo

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

BØKER

Campanula rotundifolia eller prestekrage Leucanthemum

vulgare (Engelskjøn 1979). Vi ser soleis

lita nytte i å skilje ut to artar gulaks som det no

er gjort.

Autoritative floraer handsamar slike problem i

høve taksonomisk rang på ulike vis. Det er ofte

spørsmål om einingane skal reknast som skilde

artar, som underartar (subspecies) eller varietetar.

Noko endeleg semje er som regel ikkje oppnådd,

fordi det vitskapelege grunnlaget for ein

konklusjon ikkje er tilstrekkeleg utvikla (jfr. Panarctic

Flora 2003). I vidt utbreidde artar med mange

formar er det oftast problematisk å definere taksonomiske

einingar. Ein finn gjerne få karakterar

som skil underartane, og ofte er her glidande overgangar

i kvar einskild karakter. Difor nytter det ikkje

alltid å bruka «nøklar». Det er mest uråd å skilje ut

underartar på ein konsekvent måte, fordi plantane,

ved sidan av sin arvemessige konstitusjon, vert

modifiserte etter fysiske tilhøve på vekseplassen

(lufttemperatur, stråling, vind, og fukt/tørke), slik

tilhøva t.d. er hos blokkebær Vaccinium uliginosum

(Alsos et al. 1998).

Nytt i denne utgåva er at det som no kallast

vanleg fjellvalmue Papaver radicatum ssp. radicatum

er blitt eit samletakson for dei fleste av dei

tidlegare endemiske underartane. Desse er

nemnde i teksta, men ein generell omtale av samleunderarten

manglar diverre utanom det vesle

som står i nøkkelen. Til gjengjeld er det ei føremon

at underartar no er tekne med i bestemmingsnøklane,

noko som gjer eksamineringa så

mykje enklare.

Medan ein samlar formane av fjellvalmue i fastlands-Noreg

under ein underart, synest det for enkelt

og skjematisk å dele inn ein sirkumpolart utbreidd

art, t.d. einer Juniperus communis (Hultén

1962:74), i berre to underartar – som hos Nilsson

(1995) og fortsatt i den nye Lids flora (s. 147), rett

nok med påpeikinga om at mellomformer er vanlege.

Vi meiner at slike tilfelle bør peikast ut som

problem, også i drøftinga av lokale floraer, som

den norske. Dette er i stor grad også gjort av Elven

i 7. utgåva av Lids flora. Mange spørsmål er

likevel uløyste, og brukarane av ein flora bør ikkje

vente at siste ord er sagt. Dei bør vere medvitne

om fallgruver i samband med systematisk veikt

definerte underartar. Slike «formale» einingar vil

ofte samsvare dårleg med variasjonen i naturen,

som ofte er kontinuerleg og ofte omfattar fleire

slags karakterar i kombinasjon.

Apomiktar

Eit særleg problem gjeld slekter og artskompleks

der plantane set frø frå ei ubefrukta, diploid eggcelle

(apomiktisk) eller spreier seg med knoppskot.

Velkjende døme er løvetann Taraxacum og

svæve Hieracium. I slike høve har det vore vanleg

å operere med småartar (microspecies). Dei er

gjerne kjennelege for spesialisten, men det er lite

som skil dei, og dei kan vere svært mange. Difor

er dei vanskelege å halde frå kvarandre. I siste

utgåva av Lids flora er det gjort eit stort arbeid

med detaljerte beskrivingar av artane i fleire av

dei problematiske gruppene, som t.d. bjørnebær

(seksjonane Rubus og Corylifolia). I andre slekter

– der talet på småartar har vakse – har ein gitt

småartane ei meir summarisk handsaming, og

samla dei i grupper som er rimeleg karakteristiske

og ikkje heilt umogelege å halde frå kvarandre

(t.d. løvetann og svæve). Vi kan skrive under

på at mange av dei apomiktiske kompleksa ikkje

er enkle å finne ut av. Nye småartar oppstår frå tid

til annan. Difor er det viktig å halde eit vake auge

med desse gruppene, ikkje berre for spesialistar,

men for folk i forvaltninga og seriøse amatørar.

Men ein kan undrast om ikkje ein er i ferd med å

krysse ei grense for kva som er mogeleg å ha

med i ein flora som skal brukast av fleire enn profesjonelle

botanikarar – sjølv om ein flittig har nytta

lita skrift i desse gruppene?

Krysningar

Dette er utbreidde livsovringar som er av stor interesse

for evolusjonen. Utforskinga av krysningar

er eit klassisk felt sidan Mendel si tid. For store

deler av den ville floraen har ein ikkje kome så

mye lenger vitskapeleg enn for hundre år sidan.

Rollen til hybridisering, m.a. i apomikte kompleks

og for klondannarar, er fortsatt lite kjent. Lids flora

fører opp ei rad artshybridar og har vel som mål å

vere komplett for den norske floraen. Det er då

overraskande at revisjonen ikkje har fått med seg

publiserte meldingar om nye hybridar, som stivstorr

x kluftstorr Carex bigelowii x holostoma og

kvitstorr x slåttestorr Carex bicolor x nigra. Begge

er eintydige og biologisk interessante, m.a. for

slektskap mellom seksjonane i slekta Carex.

Feilskjær i nomenklaturen

Slike er det få av, men vi nemner tre: Det heiter

Arabis hirsuta var. subalpestris (hokjønn). Og dersom

tromsøpalmen skal ha sitt eige namn, må

det bli Heracleum tromsoeënse (inkjekjønn).

34 Blyttia 64(1), 2006

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!