05.11.2014 Views

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Sagbladet

2”x4” på 5 år. Vi får ein flott demonstrasjon

av optimeringskappanlegget

av typen Grecon Dimter

20, der det for tida blir produsert

knivskaft til Brusletto i norsk bjørk.

Kappanlegget kappar ut alle feil

som ikkje er akseptert og på denne

måten får vi ei optimal utnytting

av råstoffet, forklarar Ole Svenneby.

Mange av desse emna ville tidlegare

gått rett i flishoggaren fortel han.

Desse kappanlegga ligg i prisklasse

frå 200.000 kr. og oppover kan

selgarane frå Falkenberg fortelje.

Lauv er eit krevjande råstoff å arbeide

med og det er mykje arbeid

med foredlinga. Kledninger, paneler

og golvbord er dei vanlegaste

produkta. Nesten alt råstoffet går

gjennom både grovdimensjonering,

fleirbladsag for å rettskjære og

deretter tjukkelseshøvel for å ta

vekk kuven som blir på materialen

etter kort tids lagring.

Miste kunden for alltid

Alle leveransar frå Svenneby Sag

og Høvleri A/S blir laga etter bestilling.

Kvalitet er heilt avgjerande

for å halde til i dette marknadssegmentet

meinar Ole. Om du leverer

feil eller for dårleg kvalitet

ein gong vil du miste kunden for

alltid. Kundegruppa vår er svært

krevjande, men og betalingsdyktige,

smiler han. Vi er med frå stokken

blir plukka i skogen til vi leverer

ferdig overflatebehandla panel ut

gjennom dørene. Dette er eit godt

salgsargument fortel Ole.

Olav Skaret, Svein Granheim og Svein

Kjetil Rønnevik (med ryggen til) på

besøk i sliperommet

Dette emnet skal bli knivskaft til Brusletto.

Det norske råstoffet kjøper vi frå

Viken Skogeierforening, og til skjæring

og tørking av osp for eksempel

samarbeider vi med Haugestad i

Vestfold.

Suksessfaktorane

Etter ein god informasjonsrunde

om produksjon, maskiner og produkter

av Ole Svenneby fekk vi ei

ei innføring i det profesjonelle

marknadsføringsarbeidet som er

gjennomført hos Svenneby Sag og

Høvleri A/S v/Turid Fluge Svenneby.

Vi fekk god innsikt i korleis dei

hadde jobba og mitt inntrykk er at

pågangsmot, tru på seg sjølv, og

det å vere trufast mot sin forretningside

er dei suksessfaktorane som

har gjort denne bedrifta levedyktig.

Store profilerings og visningsprosjekt

som til dømes Lodge Alpin

(hytta til Ole Kr. Furuseth), Kongehytta

på Magerø, Viken Skogeierforening

sitt nye administrasjonsbygg

har gjort lauvtre og Svenneby

kjent.

Det kunden er fornøgd med

Svenneby jobbar mykje opp mot

arkitektar, dette betyr at dei må

vise kva produkta er gode for, kva

eigenskapar dei har, korleis dei bør

brukast og korleis dei skal overflatebehandlast.

På denne måten

må dei også stå for opplæring/

kommunikasjon med dei ulike handverkarane

som skal jobbe på dei

ulike prosjekta. Gjennom sitt arbeid

opp mot arkitektane har dei og

fått mykje internasjonal omtale.

Det er viktig å vere på lag med dei

mest anerkjente arkitektane understrekar

Turid. Som døme nemner

ho Stein Halvorsen A/S Sivilarkitekter

MNAL.

Stein Halvorsen A/S har basert verksemda

si i stor grad på deltaking

og premiering i arkitektkonkurransar.

I de 13 åra kontoret har

eksistert er en rekke av konkurranseforslaga

realisert eller i ferd med å

bli realisert. Stein Halvorsen A/S

har spesialisert seg på oppdragsgjvarar

innan store offentlige og

private virksomheter. Med samarbeid

med denne type arkitektar

får ein stor publisitet. I første omgang

fordi arkitektkonkurransar

får stor publisitet samstundes som

bygga har betydning for mange

og dei blir veldig synlege på grunn

av sin storleik. Samarbeid med denne

type bedrifter er gull verdt for vår

bedrift kan Turid stadfeste. Turid

avsluttar sin seanse med å stille

spørsmålet om kva er kvalitet?

Svaret ho meinar er rett er ”Det

kunden til ein kvar tid er fornøgd

med”.

Vi takkar for familien Svenneby

ville ta imot oss og det var ein

imponert gjeng som reiste frå

Spydeberg ut på ettermiddagen

i eit forrykende snøvær!

www.sag.no

13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!