05.11.2014 Views

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

Sagbladet - Norsk Bygdesagforening

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Sagbladet

det er ikkje det same presset på å

få tak i handverkarar.

Evne til omstilling

- Media har fokusert mykje på

finanskrisa. Er du redd for at det

skal breie seg ein pessimisme i bransjen,

ei frykt for framtida?

- Eg er redd det kan spreie seg, ja.

Og dette vil igjen gjenspegle seg i

korleis ein satsar framover, kanskje

legge band på satsingsviljen til folk.

Ljones legg til at ei viss bekymring

kan vere berettiga.

- Så langt har ein gjerne drege med

seg prosjekt som var i gang før

finanskrisa inntraff, men til våren

og hausten vil nok konkurransen

verte tøffare, og det vil bli starta

færre nye prosjekt. Men eg har som

sagt ikkje tru på at det er dei mindre

sagbruka som vert verst stilt, seier

Ljones.

- Evna til omstilling er større hos dei

små bruka. Det er jo det som er vår

fordel. Vi er ikkje avhengige av så

store seriar og så store volum for å

overleve.

Vi er gode nok

Den nye leiaren i Norsk Bygdesagforening

er svært nøgd med at

bygdesagene dei siste åra har hatt

ei svært positiv utvikling.

- Bransjen har gått bra, heilt til denne

bråstoppen kom på ein del område.

Det viser at vi har vorte tekne seriøst.

og det gledar meg at vi får ein anerkjennelse

for at småsagbruk er noko

å ta med i store samanhengen. At

vi har bygd kompetanse til å kunne

konkurrere i marknaden.

- Dei små sagbruka kunne lett blitt

ståande i veggrøfta med lua i handa

medan dei store susa forbi i marknaden?

- Ja, og det er mange som har prøvd

å setje oss i utkanten, prøvd å overtyde

marknaden om at vi ikkje gjer

god nok jobb. Men i og med at vi

greier å halde oss inne marknaden,

så viser det at nettopp at vi er gode

nok. Og det er gledeleg.

Landbruksbygg

I media har det vore fokusert sterkt

på at tre er på veg tilbake når det

gjeld interiør.

- Vil dette merkast positivt for

bygdesagene?

- Det er sjølvsagt positivt at tre kjem

tilbake og vil verte brukt meir. Men

eg trur det tek ei stund før furu

kjem tilbake som det vanlege

kjøkentreslaget. I hyttene har det

alltid vore brukt tre, så der vert det

inga stor endring. Korleis dette vil

slå ut på lang sikt, har eg difor inga

klar meining, seier Ljones.

Han har derimot større forventning

til ein annan del av byggebransjen:

- All trebruk er positiv, men for småsagbruka

kan det ha vesentleg meir

interesse å setje fokus på landbruksbygg.

Arbeidet for å finne fram til

rimelegare byggjemåtar for landbruksbygg

kan nok bety meir for

småsagbruka enn om folk byrjar å

bruke furu i kjøkenet igjen. Stål

og betong har vore heilt dominerande

lenge, så om vi klarar å få

til noko på denne fronten, kan det

bli ein spennande marknad. Eg er

i det heile ikkje i tvil om at det vert

spennande år framover, seier den

nyvalde styreleiaren.

www.sag.no

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!