09.02.2015 Views

Kreativt arbeidsjern • 7 - Hekta på røtter • 13 - Ny ... - Bygdekvinnelaget

Kreativt arbeidsjern • 7 - Hekta på røtter • 13 - Ny ... - Bygdekvinnelaget

Kreativt arbeidsjern • 7 - Hekta på røtter • 13 - Ny ... - Bygdekvinnelaget

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Å ta steget ut

- Herleg å sjå to unge damer frå Brasil som møttest for første gong. Dei

smila dei sendte kvarandre varma oss alle. Ein mann frå Polen sa: ”Eg kjem

igjen”. Det er det me håpar at fleire vil gjera, seier Olaug Nevland.

Bjerkreim Bygdekvinnelag i Rogaland inviterte alle som hadde flytta

til bygda dei siste tre åra til å ”ta steget ut” og dele samvær og suppe.

Bygdekvinnelaget sitt vaffelkort vart bruka som invitasjon til ”Med hjarte

på rette staden”. På programmet stod m.a. humørbonden Geir Styve og

Bygdekvinnelagets leiar Kathrine Kleveland, og det var musikalske innslag.

Bjerkreim kommune og Spare-bank1 SR-bank gav økonomisk støtte.

Margareth Gjerdrem (i midten) er ny i bygda og sørga

for at to frå Brasil møttest. Stor glede!

Kvinnehelse i globalt perspektiv – og eit smil

- Når det gjeld global kvinnehelse er det dei same utfordringane alle stader, sa kommunelege I Jens A. Mørch, i foredrag om ”Kvinnehelse i

globalt perspektiv”. Bygdekvinnelaget i Vestre Toten og Eina, Raufoss Rotary, Raufoss Kvinne- og Familielag, Vestre Toten kommune

og Frivillig Sentralen arrangerte fellesmøte med fokus på kvinnehelse i globalt perspektiv og erfaringsutveksling om å vere innvandrar og

tilflyttar. Eit av medlemmane som kom frå Danmark for 30 år sidan, fortalde om sitt møte med Noreg og folket og kor viktig det er å

bli integrert. Det gjorde inntrykk på tilhøyrarane da ei iransk kvinne

fortalde at det ho ønska seg mest av alt da ho kom til Noreg var at nokon

helsa på ho, ga ho eit smil – litt vennlegheit.

Til inspirasjon

Idébanken

Som i ein annan bank kan du i Idébanken

www.bygdekvinnelaget.no/idebank både setje

inn og ta ut. ”Ta ut” ved å lese om kva som skjer

og hente inspirasjon til tiltak i laget og bygda.

”Sett inn” ved å kontakte ”banksjefen” på

ingrid.grene.henriksen@bygdekvinnelaget.no

eller tlf. 22 05 48 15 eller du kan sette/skrive

inn sjølv om du vil.

Lærarar for ein dag

- Nå har vi 23 nye kvinner og menn

vi kan si ”hei” til når vi treffes på

butikken. Koselig for både dem og oss,

seier ”hovudlærar” Tonje Aas Østre

Toten Bygdekvinnelag i Oppland.

Lærarane på Vaksenopplæringa skulle

på kurs, og dagen vart ei positiv og

lærerik oppleving for ”læraren” og dei

andre medlemmane som stilte opp.

Det vart m.a. fortalt om bygdekvinnelaget

som ein møteplass for kvinner

frå andre kulturar, kvinnefellesskap

og om bygda. Elevane var med på

bedriftsbesøk, det var formiddagsmat

på eit stabbur der husfruen Marit

Aarstad var kledd i tidsriktig antrekk

mens ho serverte heimelaga potetsuppe

med rundstykke laga av totenske

råvarer. Kaffi og litt skravling mellom

totningar og innvandrarar vart det

også tid til.

Rundt om i landet

Ta ein kikk på lokal- og fylkessidene under

www.bygdekvinnelaget.no. Da ser du kva som

skjer og kan få idéar til arbeid i ditt lag.

Ei enda betre bygd

Alle lokallaga fekk hausen 2011 tilsendt opplegg

til studiering med forslag til korleis ein kan

invitere andre lag i bygda og saman arrangere

noko der alle – unge og mindre unge, nye og

”gamle” i bygda - vil kjenne seg velkomne og

trivast. Finn på kreative og samlande opplegg

ved t.d. å setje fokus på kulturmøte, mangfaldet

i bygda eller ved å invitere til ”nabodag” 29.mai

med vaflar og samvær - www.bomiljonett.no/

Aktuelt/Nabodagen.

01/2012 BYGDEKVINNER I SIDE 15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!