09.02.2015 Views

Kreativt arbeidsjern • 7 - Hekta på røtter • 13 - Ny ... - Bygdekvinnelaget

Kreativt arbeidsjern • 7 - Hekta på røtter • 13 - Ny ... - Bygdekvinnelaget

Kreativt arbeidsjern • 7 - Hekta på røtter • 13 - Ny ... - Bygdekvinnelaget

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Tekst: Kirsten Inga Kamrud l Kvinneliv

Kvinnesak

– er det nokon sak

Ein gong i tida var det radikalt å tenke at alle menn hadde

same verdi og same rettar. Å tenkje det same om kvinner,

ja, at alle menneske skulle vera likeverdige, var heilt fjernt.

Eingong i tida kjempa kvinner for å kunne bruke det radikale

plagget BH, nokre tiår seinare kasta vi BH-en på bålet. Ein

gong i tida var det flott og kvinneleg å vera frodig, då hadde

du både pengar og status. No er det rett å vera skinnmager,

då har du både pengar og ja, akkurat, status.

Kvinnesak skiftar med tid og kultur.

I vår del av verda hadde kvinner

vore undertrykte i lang tid og

fann seg til slutt ikkje i det. Eigedomsrett,

arverett og rett til å bestemma over eige liv

og kropp var alle avgrensa for oss. Kvinner

hadde liten tilgang til politikk, utdanning

og arbeidsliv. Det kan vera nyttig å hugse

på at også i vår kultur har kvinner gått med

skaut og blitt tvangsgifte. Så vi skal ikkje

vera så altfor raske til å dømme andre

kulturar der det enno er slik. Utvikling må

skje i eige tempo og ut ifrå eige premissar.

Vi her i Norge har brukt mange hundreår

på å koma dit vi er i dag.

Og så kjem det inniblant små innspel som

får debatten til å blusse om att. Sist ut var

Trude Mostue som tykte at norske kvinner

burde vere heime til barnet var 2-3 år. Eg

meiner også at det må dei gjerne vera om

dei har lyst og høve til det, men dei skal

ikkje vera heime fordi ”nokon” synest det

feil å arbeide ute. Vi er altså ikkje heilt ferdig

med debatten om kvinner skal vera på styrerommet

eller på stellerommet…Kvinnesak

og kvinnefrigjering er fridom til å ta eigne

val og til å velje sitt eige liv. Så lenge ei

kvinne tek eit sjølvstendig val ut i frå eigne

behov og interesser, er det heilt likegyldig

om ho vel å vera heimeverande eller

arbeide del- eller fulltid. Hovudpoenget er

at ho har tatt eit fritt og sjølvstendig val. Det

same valet som ein mann må gjera. Framleis

er det ikkje slik, trur eg, at far på same måten

tenkjer over om han skal vera heime med

barna eller jobbe ute, så likestillinga er vel

ikkje heilt i boks…

Kvinnesak og likestilling er ikkje at vi skal

bli kjønnslause og like. Å vera likeverdig

er ikkje det same som å vera lik. Genetisk

er vi to kjønn med ulike eigenskapar, sjølv

om miljøet er vel så viktig som arven for

korleis vi oppfører oss. Likevel trur eg det

ein skilnad på menn og kvinner, slik som

med pepar og salt. Begge er smaksforsterkarar,

men ikkje på same måte. Og begge

to ville smake annleis, utan den andre.

Kjernen i likestilling er vel at menn og

kvinner skal like høve og rettar til å styre

liva sine, utan å bli skulda for å ta feil

eller handle uklokt. Og likestilling kan vel

også vera at menn skal å same rettar som

kvinner, eller… God 8.mars!

Er det noe å gråte for

De norske sortene er i ferd med å forsvinne - er det noe å

gråte for er arbeidstittelen på debattmøtene alle lokallag

er oppfordret til å arrangere sammen med Bondelaget

i vinter. Målet er å sette fokus på norsk matproduksjon.

Bakgrunnmateriell finner du på Bygdekvinnelagets nettside:

Internasjonalt seminar

Det planlegges internasjonalt seminar i

Oslo fredag 12. og lørdag 13. oktober. Mer

informasjon kommer i Bygdekvinner nr. 3

og på nettsidene.

http://www.bygdekvinnelaget.no/er-det-noe-a-grate-forSett av dagene!

01/2012 BYGDEKVINNER I SIDE 37

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!