09.02.2015 Views

Kreativt arbeidsjern • 7 - Hekta på røtter • 13 - Ny ... - Bygdekvinnelaget

Kreativt arbeidsjern • 7 - Hekta på røtter • 13 - Ny ... - Bygdekvinnelaget

Kreativt arbeidsjern • 7 - Hekta på røtter • 13 - Ny ... - Bygdekvinnelaget

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

dobla medlemstalet frå 40 til 77. Ulvik er med

sine vel 1100 innbyggarar, ein av dei minste

kommunane i Hardanger, men har likevel

det største bygdekvinnelaget i Hordaland.

– Vi kivast med Voss om å vera største laget

i fylket , seier ho.

Statistikken syner at nesten kvar femte

kvinne over 19 år i Ulvik medlem i laget!

Oppvekst i veglaus grend

Margunn er oppvaksen på småbruk i Vangdsbygda

i Ulvik, saman med ein yngre bror,

foreldre og besteforeldre. Grenda var utan

veg inntil 1978.

- Eg gjekk mine første fire år på udelt skule,

med mor mi som lærar. På det minste var

vi berre fire elevar. For oss elevane var dette

naturleg, men sikkert ikkje så enkelt for

læraren. Eg har sterke røter til heimplassen

min og tenkjer at det var ein trygg og god

oppvekst, seier ho.

Barna hadde mykje vaksenkontakt og fekk

tidleg ansvar og ta del i arbeidet på garden.

Det var både skummelt og kjekt å byrja på

den store skulen i Ulvik, då dei fekk vegen.

Margunn fortsette vidare på handelsskule

og jobba lenge innan bank og forsikring, før

ho bytta over til rekneskap i kommunen

kor ho no er fagansvarleg.

– Rekneskap krev nøyaktighet og orden,

kvalitetar som eg har, seier Margunn.

Margunn har med unntak av ein periode

på fem år, alltid budd i Ulvik. Ho vart gift

og skild og då sonen hennar, Vegard, var 4

år flytta dei to til Bergen.

– Det var nok utferdstrongen i meg som

gjorde at eg flytta, i tillegg til at eg fekk tilbod

om ein god jobb innan forsikring. Eg var

klar for å prøva noko nytt. Då sonen vart

litt større var det greitt å flytte tilbake til

mindre og meir oversiktlege forhold igjen.

Dessutan fekk ho tilbod om jobb, då i banken.

– Eg kjende meg veldig velkomen, og huskar

ein bankkunde som tok meg i handa og sa

«velkommen heimatt». Det gjorde inntrykk!

Det var vevstova som i første omgang fekk

Margunn med i Bygdekvinnelaget, og det er

godt synleg i stova!

Mangfald i utkanten

Det var anleggsgartnar og lærar på Hjeltnes

Gartnarskule, Harry frå Nederland, som fekk

henne til Osa. Han etablerte seg i bygda

i 1995 og bygde hus. For nokre år sidan

vart dei sambuarar. Ikkje mange bustadar

i distrikts-Noreg kan skilte med veg av

brustein fram til huset. Det kan Margunn!

Fjordbotn i Osa er malerisk omkransa av

høge, bratte fjell.

- Nesten som Odda, men det er finare her!

slår Margunn fast.

Ho liker dei høge fjella, men kunne ønskt seg

sol litt lengre utover kvelden om sommaren.

Ved eit hus i nabolaget ser vi skjelettet av

ein mongolsk yurt; eit rundt, tradisjonelt telt.

Ein familie frå Belgia bur i ein yurt her

inne, medan dei driv kafé om sommaren.

- Eit spennande prosjekt! seier Margunn.

Det er bygd fleire nye hus i Osa dei siste

åra og det er ca 40 fastbuande, inkludert

Hjadlane Galleri, driven av kunstnaren

Lars Gunnar Polden.

– Fellesskapen mellom oss som bur her

gjer oss på ein måte til familie, seier ho.

Ho er for tida leiar i grendalaget i Osa.

– Det er nok ei ansvarskjensle, du veit du

må ta din tørn av frivillige oppgåver for at

ting skal fungere på ein så liten plass.

Bygdekvinnelaget som møteplass

Då Margunn i 1997 flytta tilbake til Ulvik,

byrja ho å delta på Bygdekvinnelaget si

vevstove.

- Eg er glad i handarbeid og likar å jobba

kreativt. Vevstova var ein viktig grunn til

at eg melde meg inn i Bygdekvinnelaget. I

periodar har eg vore der mykje. Dessutan

var det viktig for meg at laget hette «bygdekvinnelag»

og ikkje «bondekvinnelag». Sjølv

om eg er oppvaksen på gard, føretrekker eg

det nye namnet, det er meir inkluderande.

Ulvik BK var mellom dei første laga som

bytta til namn i 1988, fortel Margunn.

01/2012 BYGDEKVINNER I SIDE 5

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!