19.03.2015 Views

AREALDELEN AV KOMMUNEPLANEN 2011-2023

AREALDELEN AV KOMMUNEPLANEN 2011-2023

AREALDELEN AV KOMMUNEPLANEN 2011-2023

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

3.2.4 Busetnad og utbyggingsmønster

Dei siste elleve åra er det til saman meldt oppstart på 1181 bustader (bueiningar) i Lindås

kommune. Året 2004 hadde den største byggeaktiviteten i kommunen, då det vart meldt

oppstart på 206 nye bueiningar.

Om vi samanliknar krinsane ser vi at området Alversund, Knarvik og Seim og Leknes har hatt

den største delen av veksten med 790 av 1181 bueiningar. Ostereidet (94) og Lindås (149) har

og hatt bra byggjeaktivitet. Lågast utviklingstakt finn vi i krinsane Åsheim, Festo og Kløvheim,

med 11 til 12 nye bustadeiningar i perioden.

Lindås kommune er i sterk vekst, særleg i dei sørlege delane av kommunen. Ein del av

nybygginga skjer spreidd, og med liten eller ingen tilknyting til stadeigne arbeidsplassar.

Fylgjene for landbruk, for friluftsliv, for transportøkonomi, for ureining og tidsbruk er ei utfordring

for planarbeidet.

Gjennom prosessen skal mønsteret for ny busetjing og utbygging fastsetjast for planperioden.

Areal- og transportplanlegging må samordnast i planen, tilbod om kollektivtransport og gang- og

sykkelvegar skal vurderast. Fastsetjing av utbyggingsmønster vil kunne vere med på å redusere

klimagassutsleppa i kommunen. Lindås kommune er ein del av ein felles bustad- og

arbeidsmarknad i Bergens-regionen, noko som gjer at det er behov for ei samorda areal- og

transportplanlegging. Tilrettelegging for bruk av kollektivtrafikk er viktig. Kommunen vil leggje

opp til ein utbyggingspolitikk som i størst mogleg grad reduserer trongen for transport og gjev

grunnlag for sterkare satsing på kollektivtrafikk, sykkel- og gangtilhøva.

Av planprogrammet går det fram at arealrekneskap som viser utbygde og ubygde tomter i

godkjende bustadområde skal synleggjerast i arbeidet. Det vert her vist til

bustadbyggjeprogrammet for Lindås kommune 2009 – 2011 (sjå tabellar under). Norconsult har

i Kommunedelplan for skule vist følgjande utbyggingspotensiale fordelt på barneskulekrinsar:

Utbyggingspotensiale og ferdigstilte bustader som det er teke høgder for i

prognosen, fordelt på barneskuleområde.

15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!