19.03.2015 Views

AREALDELEN AV KOMMUNEPLANEN 2011-2023

AREALDELEN AV KOMMUNEPLANEN 2011-2023

AREALDELEN AV KOMMUNEPLANEN 2011-2023

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Arealdelen av kommuneplanen for Lindås kommune

5.2.10 Andre føremål – avløpsanlegg

Dette kapitlet gjeld areal som er sett av til andre typar bygningar og anlegg etter plan- og

bygningslova § 11-7 nr.1.

I Dyrkolbotn er det sett av eit mindre areal til avløpsanlegg for Dyrkolbotn fjellstove.

5.2.11 Grav- og urnelund

Dette kapitlet gjeld areal sett av til grav- og urnelund etter plan- og bygningslova § 11-7 nr.1.

Det er ikkje sett av nye areal til grav- og urnelund i denne planen. Arealføremålet omfattar difor

berre eksisterande areal.

5.3 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur

Dette kapitelet gjeld areal som er avsett til samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur i medhald

av plan- og bygningslova § 11-7 nr. 2.

Hovudveg

Det er sett av areal for ny sambandsveg på Lindås som avlastingsveg for Lindåsbrekka. Vegen

er lagt inn i to alternativ, der det eine går utanom dyrka mark. Vegen er av stor tyding for

trafikktryggleiken i området. Det er teke inn rekkefølgjekrav i føresegnene, som sikrar at vegen

vert bygd før ny bustadbygging i området.

Hamn/kai

Det vert teke inn areal for kai på Leknes, Fanebust, Festo, Myksvoll, Eikanger og Sævråsvåg.

Alle desse er i bruk frå før, og representerer difor ikkje ny arealbruk.

Parkering

Det er sett av nye areal til parkering på Fyllingsnes (lastebilparkering ved bensinstasjon),

Sauvågen (lastebil- og bubilparkering), Hjelmås (nær kyrkja), Hopsdal (lysløypa), Skodvin (ved

skulen/idrettsanlegget) og på Ostereidet (eksisterande parkering ved barnehagen/kyrkja).

Gang- og sykkelveg

Det er teke inn gang- og sykkelveg mellom Lindås og Mongstad, på Seim (frå skulen og eit

stykke nordover) og på Ostereidet (frå senteret og i retning skulen, der det manglar). Det er teke

inn rekkefølgjekrav for gang- og sykkelveg på Seim, Ostereidet og Lindås, som sikrar at dei vert

bygd før nye bustader vert tilletne i området.

Lokalturveg

Det er sett av ein turveg på vestsida av vatnet i Dyrkolbotn, som skal kunne tilretteleggast for

bruk av hestar og rullestolar (gruslagd turveg). Det går ein sti i området frå før.

5.4 Grønstruktur

Føremålet gjeld areal avsett til grønstruktur i medhald av plan- og bygningslova § 11-7 nr. 3.

Friområde

For denne kommuneplanen er eksisterande friluftsområde som Vollom og Fisketangen avsett til

friområde (jf. grunngjeving i kap. 5.1). Det er sett av eit areal til framtidig friområde i Dyrkolbotn,

som skal sikre det mest brukte arealet ved Botnavatnet.

40

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!