19.03.2015 Views

AREALDELEN AV KOMMUNEPLANEN 2011-2023

AREALDELEN AV KOMMUNEPLANEN 2011-2023

AREALDELEN AV KOMMUNEPLANEN 2011-2023

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

5.2.6 Område for råstoffutvinning

Dette kapitlet gjeld areal sett av til råstoffutvinning etter plan- og bygningslova § 11-7 nr.1.

Eksisterande område for råstoffutvinning på Eikefet er utvida med vel 500 dekar. Dette området

ligg innafor eksisterande reguleringsplan, men det er ikkje opna for uttak i desse områda. Det

har vore viktig å få avklart rammene for utviding av anlegget på overordna plannivå, slik at

reguleringsplanen kan drøfta dette nærare.

5.2.7 Næringsverksemd

Dette kapitlet gjeld areal sett av til næringsverksemd etter plan- og bygningslova § 11-7 nr.1.

Som nemnt har det vore eit mål å få på plass nye næringsområde langs E39 og FV57. Ein har

søkt å finna område som er av ein viss storleik og som gjerne har utvidingspotensiale. Det har

vore lagt vekt på å unngå uønska konsekvensar, men det er blitt klart i planprosessen at det er

svært vanskeleg å finne areal som utan konflikt med andre interesser, og som samstundes har

dei kvalitetane som er etterspurd. Som det går fram av konsekvensutgreiinga, er det i nokre

tilfelle konkludert med at noko konflikt må aksepterast, og i enkelte andre tilfelle at det må

gjerast nærare undersøkingar av områda i samband med reguleringa, slik at ein kan gjere

naudsynte justeringar for å unngå uønska konfliktar.

I arbeidet med dette planforslaget har det vore viktig å finne nye næringsareal langs E39 og

FV57, slik at ny næringsverksemd kan trekkast til kommunen. Det er stort behov for

næringsareal i Bergensregionen, og det er difor føreslått lagt ut vel 1000 dekar til

næringsføremål. Dei største areala er Eikanger, Eidsnes, Åse og Kjevikdalen. Eidsnes er teke

med blant anna fordi her er tilgang på djupvasskai.

5.2.8 Idrettsanlegg

Dette kapitlet gjeld areal som er sett av til idrettsanlegg etter plan- og bygningslova § 11-7 nr.1.

Det er teke inn tre nye idrettsanlegg i planframlegget. Det eine er eksisterande lysløype på

Hopsdal, der det også er lagt inn utvida parkering. Det har vore vurdert som viktig å få sikra

rammene for dette anlegget, som er svært mykje i bruk i snørike vintrar.

Det er teke inn eit motorsportanlegg i Kjevikdalen. Dette ligg inntil eksisterande skytebane og

framtidig industriområde. Dette er ei samlokalisering som vert rekna som gunstig. Det vil vere

svært få bustader som vil verte utsette for støy med eit anlegg her, og slik sett er lokaliseringa

god. I tillegg er området lett tilgjengeleg langs FV57.

Det vert sett av eit luftsportanlegg på Erstadfjellet. Det er her planar om ei graskledd flystripe til

bruk for luftsport. Lokaliseringa har negative verknader for friluftslivet, og området er då òg sett

av med omsynssone for friluftsliv. Etter dei vurderingane som er gjort, vil ein sambruk vere

mogleg. Det vert føresett at det vert sett klåre grenser for bruken i samband med regulering av

området, slik at verknadene for friluftslivet vert på eit akseptabelt nivå.

5.2.9 Kombinerte føremål

Dette kapitlet gjeld areal sett av til kombinerte føremål etter plan- og bygningslova § 11-7 nr.1.

Det er sett av eit mindre areal til kombinert føremål næring/bustad på Seim. Området er frå før i

slik bruk.

39

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!