19.03.2015 Views

AREALDELEN AV KOMMUNEPLANEN 2011-2023

AREALDELEN AV KOMMUNEPLANEN 2011-2023

AREALDELEN AV KOMMUNEPLANEN 2011-2023

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

5 PLANOMTALE

Planomtalen skal vere retningsgjevande for vidare utbygging i kommunen. Dette kapittelet

omhandlar ei vurdering av utvalde tema og arealføremål i kommuneplanen.

5.1 Konvertering av arealføremål etter ny plan- og bygningslov

Ny plan- og bygningslov (pbl) har ved denne rulleringa medført konvertering av eksisterande

arealføremål etter gamal pbl til arealføremål etter ny pbl.

Når det gjeld innløyste friluftsområde (som er tilrettelagt), er desse vist som bandlagt etter lov

om friluftsliv i gjeldande plan (2003-2014). Ved konvertering har me valt å vise dei som

eksisterande friområde, då dette er i samsvar med den faktiske bruken av områda.

Når det gjeld næringsareal, har definisjonen av arealføremålet næringsverksemd endra seg.

Etter ny lov omfattar den kontor, hotell/overnatting, bevertning, industri, lager,

bensinstasjon/vegserviceanlegg og anna næring. Etter tidlegare lov, var også forretningar og

kjøpesenter inkludert. Dette er no eigne arealføremål. I tillegg har me fått arealføremålet

sentrumsføremål. Dette medfører ei utilsikta endring av kva verksemd det er opna for i nokre

område. På grunn av dette har vi valt å vise Ostereidet og Lindås senter som sentrumsføremål i

staden for næringsverksemd. Sentrumsføremål opnar for forretningsverksemd.

5.2 Bygningar og anlegg

5.2.1 Bustadområde

Dette kapitlet gjeld areal sett av til bustadføremål etter plan- og bygningslova § 11-7 nr.1.

Utbyggingsstrategien for bustader er fastsett gjennom planprogram og arbeidsmåla i kap.4.2.

Tabellane frå bustadbyggjeprogrammet i kap 3.2.4 viser at det er restkapasitet når det gjeld

bustader i reguleringsplanar, som er vedtekne eller i prosess. Gjennom siling av innkomne

forslag til nye bustadområde har ein difor vore restriktiv i denne kommuneplanen. Innspel om

utbygging som medfører nye ”satellittar” er konsekvent valt bort. Arbeidsmålet om at større

bustadområde skal lokaliserast langs aksane E 39 og RV 57, slik at dei styrker eksisterande senter

(Ostereidet, Lindås og Knarvik/Alversund) har vore førande. Særskild har ein i planarbeidet valt å

prioritere innspel som styrker Lindås som senter, og det er difor sett av høvesvis mykje nytt

bustadareal der.

Det er i framlegget til ny arealdel av kommuneplan for Lindås kommune lagt inn totalt ca. 458

dekar til bustadområde. I samsvar med målsetjingane om å styrke eksisterande senter, er ca.

177 dekar av dette arealet på Lindås i nær tilknyting til senteret og eksisterande busetnad. Lagt

til grunn ein tomtestorleik på gjennomsnittleg 750 m² per bueining, vil dette totalt gje ca. 610 nye

bueiningar i planområdet. Då tek ein med areal som vil verta regulert til grønstruktur, vegareal

og andre tilhøyrande funksjonar i byggjeområda. Når ein legg befolkningsprognosane til grunn

(det er venta ein befolkningsauke på ca. 3000 fram til 2022), og ein veit at ein del av områda

som er sett av til bustadføremål i eksisterande arealdel neppe vert aktuelle å realisere, meiner

vi dette samsvarer godt med behovet.

Det har i denne rulleringa ikkje vore aktuelt å ta ut ubygde område frå planforslaget, sjølv om

dei neppe vil la seg realisere. Dette heng saman med at dette ikkje er skissert i

planprogrammet, og ein ønskjer ein skikkeleg prosess rundt dette, med betre moglegheiter for

medverknad frå dei det gjeld. Gjennomgang av desse områda vil truleg verte tema ved neste

rullering av planen.

37

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!