AREALDELEN AV KOMMUNEPLANEN 2011-2023
AREALDELEN AV KOMMUNEPLANEN 2011-2023
AREALDELEN AV KOMMUNEPLANEN 2011-2023
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
5.7 Omsynssoner med retningsliner

I arealdelen av kommuneplanen er det no lagt inn omsynssoner for fleire tema i samsvar med

plan- og bygningslova § 11-8. Dette er eit nytt verkemiddel i plan- og bygningslova for å vise

omsyn og restriksjonar som har tyding for bruken av areal. Det kan knytast føresegner til

omsynssonene, med unntak av sone c, ”sone med særlege omsyn til landbruk, reindrift,

friluftsliv, grønstruktur, landskap eller bevaring av naturmiljø eller kulturmiljø”.

Når det gjeld sone c, er det teke inn omsynssone for landbruk (kjerneområde landbruk) basert

på kartlegging utført av Fylkesmannen i samarbeid med kommunen sitt landbrukskontor. Det er

teke inn omsynssoner for friluftsliv, basert på den regionale kartlegginga av friluftsområde og ei

lokal prioritering av kva område som er viktigast. Fleire registrerte friluftsområde er ikkje tekne

med, blant anna fordi dette vil gje inntrykk av at alle områda er av like stor verdi. For mange

omsynssoner vil også gjere kartet lite leseleg.

5.7.1 Kjerneområde landbruk

Dette kapitlet gjeld areal som er sett av til sone med særlege omsyn til landbruk etter plan- og

bygningslova § 11-8 bokstav c.

Kjerneområde landbruk er kartlagt. Kjerneområda representerer dei mest verdifulle

landbruksareala i Lindås, både med omsyn til dyrka mark og kulturlandskap. Kjerneområda er

kartlagde ut frå:

• Større samanhengande jordbruksareal

• Driftsomfang (søknader om produksjonstilskot i jordbruket)

• Kulturlandskap

Areal som er omfatta av kjerneområde landbruk har fått omsynssone landbruk.

Interesser knytt til tema landbruk skal ha særskilt vern innafor sona.

Omsynssone landbruk H510

STAD INFORMASJON OMSYNSSONE

KOLÅS

660 dekar jordbruksareal. Halvt om halvt myrjord og oL1

fastmark. Stort driftsomfang.

FANEBUST

1080 daa jordbruksareal. Halvt om halvt myrjord og fastmark. oL2

Stort driftsomfang på 2 store bruk.

FJELLANGER 1000 daa jordbruksareal (+ 300 daa i kommunedelplan oL3

Lindåsosane). Kulturlandskap.

FJELLSENDE 600 daa. Halvt om halvt myrjord og fastmark. oL4

NATÅS 800 daa. Vesentleg kulturlandskap. oL5

SKAUGE

1100 daa. Mykje myrjord. Aktiv drift og stort driftsomfang på oL6

3 store bruk.

MYKING

1350 daa. Halvt om halvt myrjord og fastmark. Mykje oL7

kulturlandskap. Mest sauehald.

DALSGREND 835 daa. Halvt om halvt myrjord og fastmark. For tida ikkje oL8

særleg intensiv drift.

FAMMESTAD - 2700 daa gode jordbruksareal. Kulturlandskap, spesielt oL9

TVEITEGREND Tveito. 1 bruk med storfedrift og stort driftsomfang. Elles

mindre einingar med sauehald.

SKODVIN

1100 daa gode jordbruksareal.. Kulturlandskap. Halvt om oL10

halvt myrjord og fastmark. Storfe og sau.

HUNDVIN 800 daa ( i denne planen). Vesentleg fastmark. oL11

GRIMSTAD - VIK 1200 daa. Fastmark. Kulturlandskap, spesielt Grimstad. oL12

Vesentleg sauehald og litt storfehald.

LEIVESTAD 780 daa Myrjord. oL13

TORSHEIM 570 daa. Vesentleg fastmark. Forholdsvis aktiv drift. oL14

KÅLÅS 425 daa. Halvt om halvt myrjord og fastmark. oL15

43