12.07.2015 Views

filosofisk supplement - Universitetet i Oslo

filosofisk supplement - Universitetet i Oslo

filosofisk supplement - Universitetet i Oslo

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Jo n Fu r h o l tberre mellom skilde menneske, men òg innanfor eitt einskildsett med verdiar. Me ser det same hjå Nagel, at konfliktenikkje berre er ein interessekonflikt eller eit retoriskpoeng, men ein reell, innbyrdes konflikt. Ifølgje Wiliamshar utopi-teoretikaren, derimot, det utgangspunktet atverdimotsetnaden er røynleg, men at det er samfunnet somer skuld i denne moralske konflikten fordi det er ideologiskforureina og ein analytisk innfallsvinkel til etikk gjennomeit forsøk på å systematisera og kategorisera etikken «mustbe an ideologically polluted enterprise» 4 . Derimot nyttarutopi-teoretikaren som løysing, ifølgje Wiliams, at ein kantranscendera, overskrida, konflikten utan tap av meiningeller verdi. Til det svarer Wiliams:You might perhaps bring about a society whose valueswere less conflicting, more clearly articulated, more efficient,and people, once arrived at in this state, mighthave no sense of loss. But that would not mean thatthere was no loss. It would mean that there was anotherloss, the loss of the sense of loss. 5No har me fått etablert den moralske spenninga. Eg skalkoma attende til Wiliams sin kritikk litt seinare og eg vilskissera eit nytt perspektiv, men fyrst må eg sjå litt nærarepå det fenomenet etikken er om, altså krigen.IIDet andre paradokset ligg i omgrepet sin fyrste del, krigen,nemleg: fenomenet. Paradokset som ligg latent i dette ereit gammalt, <strong>filosofisk</strong> problem og har vorte studert likelengje som det har vorte tenkt, og handlar om kva krig er,krigsontologi. Den teoretiske motsetnaden er mellom krigsom samfunnsoppløysinga på den eine sida og som forståttut frå kjenneteikn ved menneskenaturen på den andre, oghar røtene sine djupt i ulike menneske- og samfunnssyn.Opplysningsfilosofen Thomas Hobbes presenterer eitav filosofien sine viktigaste argument for det sistnemntei denne dikotomien. Gangen i Hobbes sitt argument erat mennesket er født fullstendig fritt og har det særdragetat det søkjer maksimering av eigennytta fordi motivasjonenfor handlingane våre djupast sett er frykta for å døy.Hobbes har eit eksistensielt poeng og peiker på at fordime har overlevingstrongen som den sterkaste drivkrafta ioss så er menneska i utgangspunktet i ein evig krig motkvarandre; kampen for å overleva må kjempast mot dettrugsmålet som set tilværet i fare: andre menneske. Krig,Mo n t a s j e: «Ba b e l Co n f u s i o n» - Dler Qa r a d a k i32

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!