12.07.2015 Views

filosofisk supplement - Universitetet i Oslo

filosofisk supplement - Universitetet i Oslo

filosofisk supplement - Universitetet i Oslo

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Den u m o r a l s k e k r i g e nat mordaren er modig? «Motet» som skildring, eller somkategori, er alltid allereie ein moralsk kvalitet, er allereieein moralsk dimensjon ved handlinga, samstundes som detnett er ei skildring av verda.I motsetnad til det Williams føreslår så ser me atomgrep som «forræderi» og «mot» ikkje er omgrep somskildrar røynda med ein moralsk dom, men den moralskedimensjonen er snarare immanent i fenomenet. Deter fyrst gjennom den same metoden, me ser at etikkenikkje berre er kopla til einskilde omgrep som «mot» og«forræderi», men i fenomenet. Med andre ord kan me gjeraden same analysen av «terrorist», «klasse», «styresmaktar»,«samfunn» og andre komplekse strukturar for å sjå korleisfenomenet strukturerer det moralske rammeverket, detetiske universet immanent i fenomenet. I kjølvatnet avfilosofien til den franske Emmanuel Lévinas dukkar detopp eit konsept som kan vera til god bruk her: den strukturellevalden. Dette konseptet fokuserer på dei strukturanei fenomenet som gjer vald på menneske, men som liggdjupt nedfelt i den verda me vert tvungne til å eksisterei. For Lévinas handlar det om korleis relasjonen til «denandre» som opphavet til etikken vert tilslørt, eller sagt påein annan måte: korleis strukturar gjer vald på menneskegjennom å stengja dei ute frå det etiske domenet. Det kantil dømes vere «forræderi» som strukturerer det moralskeuniverset me ikkje kan unsleppa; i fyrste omgang bryt forræderietradikalt med, og er ei negering av, det moralskerammeverket me i utgangspunktet eksisterte i (ein gjeventilstand av tillit, forventning, lojalitet, solidaritet og så vidare)berre for å, som me såg tidlegare, setja forrædarensjølv utanfor det, og i neste gong tvingar det oss til å moralskskilja oss frå forrædaren, gjennom det Alain Badioumed Lévinas kallar «l'éthique du Même» 10 , altså ein etikksom naudsynleg er knytt til «det same», altså til det somikkje er annleis. Så lengje etikken er basert på prinsippetom «det same» (det gjevne), så vil desse strukturanegjere vald på menneske ved naudsynleg å eksludere deifrå det moralske rammeverket. Når fenomenet på dennemåten ber med seg denne etiske dimensjonen, ikkje somtillegg, men som ein del av, ser me at det skapar ein moralskstruktur som menneska kjem innanfor. Kva eg meinermed «rammeverk» og «det gjevne» kan eg klarare visegjennom å skissere korleis fenomenet krig er bygd opp.Og om det er slik me ser, at fenomenet er etisk, om deimoralske strukturane er i fenomenet lyt me gå vidare tilspørsmålet om «krigen sin etikk». La oss difor gå inn i«krigen» som fenomen som no altså også naudsynleg eretisk.IVKrigen, som no ontologisk framstår for oss i ei tilsynelatandeuløyseleg og problematisk spenning, er ein verkelegstorleik, eit reelt fenomen. «Krigen» er ikkje berre eiskildring av eit fenomen, men han innstiftar den storleikeni verda som krev det namnet. Krigen som fenomener ein føresetnad for, er det rammeverket som gjer mogleg,andre verkelege storleikar som mellom anna soldatarog sivile, invasjon og forsvar eller fiendar og krigsfangar.Desse er òg verkelege storleikar, ikkje berre analytiske ogjuridiske omgrep. Fordi krigen på den eine sida er moralsksignifikant og på den andre sida ikkje berre er eitomgrep som framsteller, men den er også fenomenet, såser me at krigen herskar over det moralske universet samstundessom moraliteten gjev rammene åt krigen. Fordi krigen ernett det, fenomenet, så kan eit ordskifte om etikk i krig,som mellom anna handlar om plikter og ansvar, sivile ogsoldatar, aldri skiljast frå ordskiftet om krigen i seg sjølvfordi diskusjonen om kva krigen er kan ikkje skiljast frådet moralske universet. Altså: Det moralske rammeverketsom etablerast i krigen som fenomen er det som gjer til dømessoldatskap mogleg, som bryt radikalt med vår vanlegeoppfatning av moral og set ei gruppe menneske utanfor.Det er krigen som fenomen som strukturerer «fienden»som soldatskapet står i denne nye relasjonen i kontrast til.Her kan det vere fruktbart å igjen sjå til Vetlesen som iEvil and Human Agency peiker på korleis vondskap, tortur,overgrep, kjem til overflaten og gjerast mogleg gjennomdet han sjølv kallar eit «moralsk frikvarter» i ein eksistensiellforstand – ein plass der dei moralske bindingane einvanlegvis har ikkje gjeld, og det er berre gjennom det atmennesket kan få utløp for eksistensielle ønske om å gjerevald mot andre 11 . Det er dette «moralske frikvarteret», eller«l'étique du Même», som strukturerast i krigen som gjersoldatskapen mogleg og gjev den eigne moralske krav somsiviliteten står i krass kontrast til.Korleis me handsamar denne utfordringa skal eg komaattende til i siste del. Så kan me sjå attende på det omgrepetme har problematisert, «krigen sin etikk». Fordi deninneber denne moralske dimensjonen er «krigen» altsånaudsynleg knytt til «etikken» den i utgangspunktet erden diametrale motsetnaden av. Etikken er altså alltid allereiei krigen, ikkje noko me legg til den. Den tradisjonelle<strong>filosofisk</strong>e etikken, som konsekvens- og pliktetikkener eksempel på, er skuld i dei problema me ser no, av toårsaker som heng tett ihop. For det fyrste ønskjer etikkenå vera sjølvstendig og frigjort frå epistemologi, metafysikkog særskild frå ontologi. Ein møter rett nok alle desse i35

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!