12.07.2015 Views

filosofisk supplement - Universitetet i Oslo

filosofisk supplement - Universitetet i Oslo

filosofisk supplement - Universitetet i Oslo

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Jo n Fu r h o l tbrutale, umenneskelege nett frå eit fundamentalt nivå;eit eksistensielt ønske om å gjera vald mot andre. Ikkjeberre som i fyrste del av paradokset der det er avstanden,mangelen på menneskelegheit hjå offeret som gjer valdenmogleg, men valden er retta nett mot det menneskelege;overgriparen veit godt kor smerta finst, fordi dei er båemenneske. Korleis kan til dømes torturisten torturera utanå vita kva som er tortur? Jau, fordi torturisten sjølv er eitmenneske. Desse to syna på fenomenet krig har djupe røteri ulike skildringar av mennesket og det ser ut til at deistår i ein uløyseleg motsetnad: den moralske eksistensen ogden eksistensielle umoralen.IIIMe må no gå vidare til det tredje aspektet i argumentet.No har me framfor oss to kryssande aksar, den eineillustrerer spenninga som ligg mellomdet såkalla absolutistiske og det utilitaristiskesynet som er eit etisk paradoks.Den andre aksen gjer reie for spenningai fenomenet krig, paradokset som oppståri møtet mellom synet på krig somnaturleg og grunnleggjande, men amoralsk og som samfunnsoppløysingog moralsk forfall, altså umoralsk, påden andre sida. Dette aksespelet er viktig fordi det gjeveit bilete på dynamikken i omgrepet «krigen sin etikk».Spørsmålet som kjem til å komplisera biletet er korleisaksane, dei to ledda i «krigen sin etikk», står i høve tilkvarandre. Eg vil argumentera for at desse er knytte tilkvarandre på ein uløyseleg måte.Skilde omgrep nyttast på skilde måtar. Til dømes ordsom «brutal», «forræderi» og «mot» ber med seg veldigklare moralske verdiar, dei er svært ladde og nyttast medein etisk dimensjon. Bernard Williams skriv i ei anna bok,Ethics and the Limits of Philosophy, om slike ord. Han kallardei for «tjukke omgrep» som er «a union of fact andvalue» 9 . Desse står i motsetnad til «tynne» som ikkje harein så sterk evaluerande karakter eller er reint deskriptive.Gjennom å nytta desse tjukke omgrepa i framstellingarfeller ein samstundes etiske dommar over det ein ser.Dersom ein journalist som dekkjer ein demonstrasjon derdet har brote ut opptøyar seier i ein reportasje at «politietsi framferd overfor demonstrantane var særs brutal»når ho siktar til dramatikken i kampen så vil ho etisk hateke ei side og kritisert politiet for ei framferd som ikkjeer akseptert nett fordi brutalitet er noko som ikkje er legitimt.Ein kan samanlikna med den same journalistensom seinare dekkjer eit gisseldrama. Ho rapporterer slik:«[E]r det slik at me i det heilekan setja eit skilje mellom denmoralske vurderinga av verdaog skildringa av henne?»«etter ei dramatisk pågriping er gisseltakarane no sikra».Det er ikkje utenkjeleg at politiet si framferd overfor gisseltakaranevar påtakeleg lik den overfor demonstrantane,men ho nyttar heilt andre omgrep. La oss sjå litt nærarepå poenget til Williams og gjere det til springbrett for åkoma oss vidare og for å koma inn i fenomenet me er uteetter å undersøke, krigen.Me seier at det er slik som Williams førespeglar oss, atårsaka til at omgrep som «brutal», «forræderi» og «mot»framstår som med ein moralsk dimensjon er at dei er einsyntese av, eller eit møte mellom, ei skildring av røynda påden eine sida og etiske dommar eller moralsk vurderingpå den andre. Med andre ord ei språkleg eksternaliseringav moralske verdiar i ei skildring av verda. Men er det slikat me i det heile kan setja eit skilje mellom den moralskevurderinga av verda og skildringa av henne? Med dettemeiner eg: Kan me snakka om moralensom uavhengig av verda? La oss til dømessjå på forræderi og mot.Forræderi er openbart noko meikkje kan akseptere. Det er openbert eitnegativt ladd ord. Samstundes, om meskal følgje Williams sitt argument, så er det òg ei skildringav verda. Kva er det forræderiet inneber? For det fyrstehandlar forræderiet om brot på forventningar og i nesteomgang eit brot på tillit. Til dømes kan me ha ei geriljagruppesom kjemper ein intens kamp mot styresmaktanei eit land, og der ein av medlemmane avslører for dennasjonale etteretningsorganisasjonen kor gruppa gøymerseg. Som ein instinktiv respons på nyhenda om avsløringanereiser leiaren av gruppa seg og kallar det i raseri eitreint forræderi. For det fyrste er det ei hending, ein avgruppa sine medlemmar har utøvt eit forræderi, og i ogmed at det er eit forræderi det er snakk om så er heile kontekstenòg innanfor rammane av forræderiet som moralskdom. Her må me spørja: Kan me på nokon måte sjå foross eit forræderi som er moralsk forsvarbart? Me kan ikkjedet nett fordi om det hadde vore forsvarbart hadde det ikkjevore eit forræderi. Det same gjeld med mot; dersom meskildrar ei handling og skildrar aktøren som modig så vilme forklare handlinga til ein aktør som har gått gjennomein prosess, men som trass i eigne eller andre sine motførestellingarrealiserer eller realiserte det (kanskje einaste)rette alternativet. Eg kan forklare det på ein annan måte.Eit tankeeksperiment som ikkje er uvanleg i etisk filosofihandlar om ein mordar som nøler med å ta livet av offeretsitt fordi ho er redd for dødsstraff, men som trossar sineredsler og likevel drep offeret. Kan me på nokon måte seie34

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!