01.11.2021 Views

Alexander Schmemann «Til liv for verda»

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane» Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet. I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja. Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike. Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere. Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret. «Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.» Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

«Den visjonen Alexander Schmemann formidlar, er mogleg å ta til seg, ikkje berre i ortodokse og romersk-katolske miljø, men også i dei lutherske og frikyrkjelege tradisjonane»
Peter Halldorf, pinsepastor, i etterordet.

I «Til liv for verda» legg Alexander Schmemann fram ei tilnærming til verda og livet i henne som stammar frå den liturgiske erfaringa i Den Ortodokse Kyrkja.

Schmemann seier nei til både religion og sekularisme; han meiner at religionen, slik han vert oppfatta tradisjonelt, gjer Gud religiøs – akkurat som sekularismen. Han forstår tema som sekularisme og kristen kultur ut frå perspektiva i den ubrotne erfaringa i kyrkja, slik ho vert openberra og kommunisert i si eiga tilbeding, og i liturgien – som sakramentet for verda, sakramentet av Guds Rike.

Ein sentral bodskap i boka er at Kristus «har innvigd eit nytt liv, ikkje ein ny religion.» Hele livet er ein leitourgia, ei gudsteneste, der føremålet er å gjere verda til det som ho er meint til å vere.
Alexander Schmemann (1921-1983) vert rekna som ein av dei viktigaste ortodokse teologane og kyrkjeleiarane i det førre hundreåret.

«Fader Alexander opnar ikkje berre opp Kyrkja og gudstenestene si verd, men hjelper oss også å betre forstå den verda vi lever i no.»
Fr. Theodor Svane, ortodoks prest, i forordet.

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Forord

Det er viktig å begynne med å seie at hans forståing og innsikt

i sekularismen, og også i samfunnet og verda, spring ut

av den liturgiske erfaringa i Den ortodokse kyrkja. Særleg for

lågkyrkjelege protestantar kan det kanskje verke underleg at

gudstenestene og liturgien kan lyse opp eit slikt fenomen. Dei

liturgiske gudstenestene i Den ortodokse kyrkja kan for somme

verke stive og formalistiske. Men den som tør å opne seg,

vil oppdage at gudstenestene i Kyrkja er fylt med liv og ljos og

at dette ljoset ikkje berre opplyser kyrkjerommet, så å seie, men

det opplyser også dei som tilbed og den verda dei ser og erfarer.

Fader Alexander definerte ofte sekularisme som ei forståing

av røyndommen der Gud og verda vert oppfatta som fullstendig

fråskilde. Dette er ei forflata verd der Gud eigentleg ikkje

høyrer heime. Verda er autonom, materialistisk og kan forklarast

utan Gud og utan å bruke religiøse omgrep og erfaring.

Det er ein viss slektskap mellom Schmemanns sekulære Gud

og den deistiske gudsforståinga og verdsbiletet frå opplysningstida.

Den deistiske Gud skaper verden for å seinare trekkje seg

tilbake og la verda leve sitt eige liv. Han vert som ein urmakar

som lagar ei klokke for så å trekkje henne opp, leggje henne frå

seg og la henne tikke for seg sjølv i mørkeret. I ei slik verd er

Gud fjern og eigentleg ikkje nødvendig, i ytste konsekvens er

han irrelevant. Det er ikkje så vanskeleg å sjå at ateismen følgjer

i kjølvatnet av eit slikt verdsbilete og gudsforståing.

Likevel er ikkje sekularismen fiendtleg innstilt overfor religionen.

Religion passar faktisk forbløffande godt inn i den

sekulære røyndomsforståinga. Den sekulære religionen deler

verda inn i ein verdsleg del, der mennesket bur, og ein åndeleg

del, der Gud og overnaturlege vesen og fenomen høyrer heime.

Desse delane er skilde frå kvarandre som eit hus med to

etasjar, med ei smal og skjør trapp imellom dei. Det er sjeldan

at Gud kjem ned i fyrste etasje og kvar gang vert det rekna

som eit under.

9

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!