19.04.2013 Views

NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund

NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund

NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

I solsteiken vart jura til mjølkekyr og geiter brende. Dei

vart også såre når dyra gjekk gjennom rabb og vier og

brisk. Budeia hadde eit par horn, stutar, i beltet, det eine

med talg til jursmurning og det andre med salt i.

Gulatings- og Frostatingslovene, i Soga om

Olav den heilage og i Sverre-soga. ”Kven

som vil, kan gjera seg sel i allmenningen, og

sitja der i sommarsete, om han vil”, står det i

Frostatingslova. ”No skal for sætrane uppe på

fjellet vera dei same merke som har vore frå gamal

tid ... Der skal horn møta horn og hov møta

hov”, står det i Gulatingslova. Dette, at horn

skal møta horn og hov hov, viser at fjellet var

mykje brukt. Beita vart delte slik at dyreflokk

møtte dyreflokk. Fjellet var fullbeitt.

Ordet støl, som blir brukt i øvre Hallingdal, Valdres,

Telemark, Agder og store delar av Vestlandet, kjem

av det norrøne ordet stoðull, ein stad der dyra står

når dei blir mjølka. Sæter er det vanlegaste ordet

elles i landet. I Dagali og i Nes bruker dei støl og

sæter om einannan, og i Flå er sæter det vanlege

ordet. Sæter kjem av sete, der dei sat eller heldt til.

Somme stader i landet bruker dei andre ord, bustad,

sel, vang, voll eller øygard. 21 I Sverige er det vanlege

ordet fäbod, tilhaldsstad for feet.

Framom alt er det mangfaldet som kjenneteiknar

stølsdrifta, dei små og dei store stølane, stølar nær

havet og 1400 meter over havet, stølar nær garden

og stølar mange mil unna, stølar der oppsitjarane sat

kort tid om sommaren og stølar der dei sat lenge og

drog attende med krøtera seinhaustes eller tidleg på

vinteren til vinterstøling, i og med at det var enklare

å drive dyra til fjells enn å hente heim avlinga.

Til kve og høye trongst vierspenningar og herkar.

På ein trepinne eller nagle på veggen hang gjerne

eit reservelager.

13

Stølsdrifta i øvre Hallingdal

Det finst så å seie ikkje skriftlege kjelder frå

mellomalderen om Hallingdal. Dalen er ikkje

nemnd i islendingesogene eller litteratur frå

den tida. Difor må me anten bruke materiale i

naturen eller skrivne kjelder frå andre stader i

landet, eller me må arbeide oss attende frå det

me kjenner frå tida etter reformasjonen, når me

skal prøve å rekonstruere fortida for dalen.

I det første me kjenner frå historisk tid, hadde

nesten alle gardar i øvre Hallingdal langstøl, og

mange hadde fleire stølar, stundom både to og

tre. Ei teljing forfattarane av bygdebøkene Folk

og fortid i Hol, Lars og Sigurd S. Reinton, gjorde

i 1935 viste at alle gardsbruk i kommunen med

unntak av fem hadde støl. I alt var då 375 stølar

i bruk, men det går ikkje fram kor mange av

dei som var langstølar. Kristen Svarteberg, som

har skrive om denne tida i Ål bygdesoge, reknar

med at rundt år 1900 var mellom 300 og 400

langstølar i bruk i denne kommunen.

Dei mange rettssakene på 1600- og 1700-talet

om stølar og grenser mellom stølar viser kor

viktig stølane var. Den gamle garden var ikkje

ein heimegard med støl attåt, det var i staden

slik at gardseininga med heimegard med innmark

og utmark, heimstølar og langstøl eller

langstølar var ei driftseining. Drifta var like

avhengig av stølen eller stølane som av det heime.

Lars Reinton reknar med at i Innlands-Norge utgjorde

fjellet og stølen vanlegvis mellom tredelen

og firedelen av driftsgrunnlaget på ein gard.

I øvre Hallingdal var stølsdrifta, iallfall den tid

me har kunnskapar om det, meir einsarta enn

mange stader. Buføringa om våren varierte totre

veker mellom dei første og dei siste som

drog, etter kor tidleg hamna kom på stølen.

Dei fleste hadde dyra på langstøl i åtte-ti veker.

Rundt 1. september buførde dei på heimstølen.

Om dei sat på stølen ei veke ut i september,

sat dei trøytingsveka, det vil seie at dei trøytte,

drog ut, stølstida.

I tillegg sat dei nokre veker på heimstøl vår og

haust. I og med at kvaliteten på beita på heimstølane

varierte meir enn på langstølane, varierte

også tida dei var der.

Det finst ein del døme på at dei drog til fjells att

med buskapen seinhaustes og sat der til bortimot

21 Daugstad og Sæter 2001.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!