19.04.2013 Views

NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund

NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund

NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Låsheldene, hestehelder med lås på slik at ingen kunne stele hesten, var eit fristande og skremmande våpen i

slåstkampar. I privat eige. Foto OR.

sjonen. Der er det fine sletter, høvelege til

kappriding og leik. Namnet Hallingskeid

blir også brukt om to andre stader i nærleiken.

2 Inst i Fødalen der lendet flatnar og

vass-skilet mot Lærdal er, ligg ei slette på

fleire hundre mål, dekt med musøyre (Salix

herbacea), verdas minste tre. Der samlast

folk frå aust og vest på larsokdagen 10.august,

handla hestar, kappreid, dansa og leika

– og tura. I ei av dei mange forteljingane om

Villandane frå Hol heiter det at Elling Villand,

ein av sønene til den vidgjetne Blank-

Ola og kona Ragnhild, møtte ho som skulle

bli kona hans, Mette Hjermann frå Stydno

i Lærdal, på Hallingskeid. Det må ha vore

i 1744. Folket hennar var imot at ho skulle

slå lag med hallingen, men han henta henne

i Lærdal.

Det gammalnorske ordet skeið tyder leik

eller stemne eller kappriding, og stadnamnet

Hallingskeid må vere sett av vestlendingar.

På skeid-plassane møtte dei hallingane.

Elles veit me lite om desse skeida. Om

16

stemne andre stader der folk frå fleire område

møtest, som samkoma på Kyrkjestølen

på Fillefjell, Vasetdansen i Tisleidalen på

Valdressida, Lykkjadansen i Hemsedal og

Raumyrdansen på Norefjell, finst dramatiske

forteljingar, om dans og spel og leik,

krokfingdraging, ryggetak og broketak, om

kappriding og turing og brutal slåsting med

låshelder som våpen. Det er, som folkeminneprofessor

SvaleSolheim skriv i Norsk

Sætertradisjon, ikkje grunn til å dra dette

i tvil, men likevel grunn til å tenkje gjennom

at det er dei mest dramatiske episodane

som har levd vidare på folkemunne, og at

stordelen av stemneaktiviteten var fredeleg

handel, prat og leik. Slik var det truleg også

på Hallingskeid.

Venteleg vart det slutt med høgfjellsstemna

eller -skeida ein gong i siste halvdel av

1700-talet.Marknadene inst i vestlandsfjordane

kom i staden, og hallingane måtte reise

lenger for å handle.

2 Solheim 1952, s. 575.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!