19.04.2013 Views

NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund

NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund

NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Nederst på vollen stod fõrløa. Frå stølabotten i Ynglesdalen.

Foto OR.

Stølar var mykje på handel. I eit stølslag kunne

det vere stølseigarar frå ulike bygder. Stølslaget

eller stølsgrenda var eit eige samfunn. Heime

var det bedarlag med slekt og grannar, men

stølslaget høyrde også med når dei hadde bryllaup

eller barnedåp eller juleselskap.

Buene på stølsvollar i øvre Hallingdal ligg eit

stykke frå kvarandre, ti eller femti meter. Det er

ikkje som mange stader på Vestlandet, der det

finst klyngjetun ikkje berre heime, men også

på stølane. På Vestvidda ser me såleis døme på

at mange steinbuer er bygde i lag, med skut og

fjøs imellom og stein lagd i forband (sjå seinare)

gjennom heile komplekset Stein eller tre?

Stein eller tre?

Den bonden som skulle setje seg opp stølsbu,

stod overfor valet: Stein eller tre? I den tida me

kjenner til, vart nok tre vanlegvis sett på som

det beste og mest framtidsretta. Ei trebu var

Dei var oftast fleire i lag. Frå Finnebotten i Ynglesdalen.

Foto OR.

19

også mindre arbeidskrevjande å setje opp. Kva

tala då for stein?

Det var for det første tilgangen på god murestein

i nærleiken. God murestein er stein med

nokolunde rette kantar og nokolunde same

høgda og passe store til eit mannslyft. Når det

er færre steinbuer på nordsida av Reineskarvet

og Bræudn enn på sørsida, har nok det å gjere

med at mykje av steinen på nordsida av skarvet

er rundvoren og høver dårleg til muring.

Det andre var avstand og veg frå bygda. Tømmeret,

eller skorne materialar etter at oppgangssagene

kom i bruk, måtte køyrast med

hest på vinterføre. Var vegen lang og bratt, var

det plundresamt. Difor bygde dei steinbuer inni

snaufjellet.

Det tredje momentet var kostnaden. På fjellgardar

med knapt med eigen barskog måtte

Dei rydda stein, brisk og vier på stølsvollen, slik at han

vart slåttevoll. Var det mykje høveleg murestein der,

kun¬ne han brukast i ei steinbu. Ein liten slipestein

måtte dei gjerne frakte til fjells, slik at dei kunne ha

skarpe ljåar.

dei bruke det vesle dei hadde av tømmer, til

husbygging heime. Trong dei meir, måtte dei

kjøpe tømmer, og kontantar var mangelvare.

Steinen derimot var gratis. Dette gjorde at dei

bygde steinbuer også nær bygdene. Buene på

Rødungstølen, Bergsjø og Hesthovdstølen inn

for Vats er døme på det. Jamvel på heimstølar

nær bygda finn me steinbuer.

Det fanst også mellomløysingar, steinbuer med

låge murar og nokre omfar tømmer oppå. Når me

ser ruinar etter steinbuer og lurer på om dei hadde

nok stein til vegghøgda, kan forklaringa vere at

me har å gjere med slike mellomløysingar.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!