19.04.2013 Views

NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund

NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund

NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

slikt skap at dei kunne nyttast på den eine eller

andre måten.

Kunnskapane om stein og steinhandtering er

dessverre i liten grad dokumenterte og overleverte.

Det skil dei frå kunnskapar om trearbeid

og tømring. Steingjerda og –røysene er ofte

fjerna av bulldosarar og gravemaskinar, og når

eit gammalt tømmerhus blir flytt til eit museum,

blir det gjerne sett opp att på flat mark utan

særleg med murar under og utan steintroppa og

kjellaren som høyrde til. Det har gitt folk det

misvisande inntrykket at byggjearbeid i all

hovudsak var arbeid med tre.

Steinbumuringa

Den første oppgåva var å samle saman den

næraste muresteinen. Det gjekk med svært

mykje stein, 40-50 kubikkmeter om heile bua

vart mura. Med det rydda dei samtidig ein

voll som seinare kunne brukast til slåttevoll.

Så mura dei eit første lite krypinn til bruk når

vinterarbeidet starta, iallfall viss det ikkje var

nokon støl i nærleiken der dei kunne tilbringe

nettene eller bergheller dei kunne overnatte i.

Samtidig såg dei seg ut murestein lenger unna

og sette merke der eller la steinen der snøen

blés av, slik at dei kunne finne han att etter at

den første snøen hadde lagt seg.

Det meste av steinkøyringa føregjekk med hest

og slede på tidleg snøføre. Var krypinnet eller

helleren dei hadde ordna seg til med, stort nok,

gav det sjølvsagt varme å ha med seg hesten

under tak. Denne steinkøyringa med hest og

steinslede i huslaust fjellterreng seinhaustes

var hardt arbeid, stundom også farefullt arbeid.

Men om hausten var god og det vart køyrt til

nok stein, kunne bygginga gjerast neste sommar.

Steinmengdene som måtte til, var altså veldige.

Derimot var krava til steinen ikkje så store med

denne byggjemåten. Steinane trong korkje vere

Steinsleden vart mykje brukt.

21

Her har det tydeleg vore ein fagmann i arbeid. Pipa er

mura med dryppkantar. Frå Djup

heilt blokkforma eller jamstore, for dei kunne

kile imellom med steinkilar, skòlu, og fylle innom

med jord. Difor var det ikkje vanleg at dei

hogde stein, dei brukte han som han var.

Det å mure ei steinbu var altså ikkje fagarbeid,

dei fleste karfolk var i stand til å gjere jobben.

Likevel ser me skilnader. Somme buer er

mura av folk med svært godt auga for korleis

uregelmessige steinar nærast kan flettast inn i

kvarandre, andre er meir uvant sette opp. Ein

detalj som finst i somme buer og ikkje i andre,

er utlagde steinheller, dryppheller, i skorsteinane.

I somme buer er det nytta svært grov stein, slik

at det nok måtte vere eit arbeidslag som sette

dei opp. For dei hadde ikkje anna lyfteutstyr

enn våg (trestong som vart brukt som vektstong,

som eit spett) og hampetau. Steinbrytaren kom

først i bruk på tidleg 1900-tal i vårt land. Det

vanlegaste var likevel å mure av stein som ikkje

var større enn at ein mann kunne lyfte dei,

lyftestein.

I øvre kanten grov dei seg noko ned i jordbakken.

Om byggjegrunnen var tørr, kunne dei grave

heile bua noko ned, slik at dei spara stein. Torva

la dei til sides til taket, og jorda dei moka vekk,

kunne seinare brukast mellom muresteinane.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!