19.04.2013 Views

NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund

NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund

NORDISK BYGD - Nordisk Kulturlandskapsforbund

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Fjellørret gir svært god rakfisk.

Denne historia har me laga forteljarteater av og 3

dagar i veka har me forteljarturar i Eivind Fredlaus

sine fotspor. Desse turane inneheldt båtskyss

frå parkeingsplassen i Tovika til Iungsdalen, kaffi

og lappar med stølsrumme i steinbue, lysbilete

frå leveplassane hans og forteljing. Deretter går

me dei 2 km innover Iungsdalen til Eivindbotten

der Eivind bygde seg ei steinbu og levde dei siste

åra han levde. Undervegs har me korte stoppar

med dramatisering av historia. Turane avsluttar

me med rummegraut og spikjimat på turisthytta

før det er båtskyss tilbake til Toviken.

På desse turane tek me gjestene med tilbake til

1700-tallet. Naturen ligg i her i dag akkorat som

han gjorde den gongen. Me er innom den nyrestaurerte

steinbua som er frå 1700 tallet. Den er

stemningsfull og skapar ein god atmosfere. All

matservering er basert på råvarer frå stølen og

garden.

Til garden høyrer det og med, som eg har fortalt

tidlegare, ein rettigheit til utmark. Dette

inneber at jakt og fiske er viktig for oss. Me

på Nordre Nestegard har derfor gått i kompaniskap

med Skrattegard, ein gard på Ål for

å nytte fiskeressursen. Dette har me gjort ved å

etablere Skarvheimen fjellfisk. Foretningsideen

36

vår var til å begynne med å fiske og selja rakafisk.

Seinare har dette vorte utvida til og å omhandle

kurs i nedlegging av rakafisk og rognfiske. Veldig

mange av vatna våre i Hallingdal er regulerte og

me må derfor setta ut yngel kvar vår for fortsatt å

kunne ha fisk i dei. Når me driv rognfiske leverer

me rogna til settefiskanlegget i Hovet som klekker

den og me fer tilbake yngel frå eigne vatn. Me er

med på å ta vare på dei ulike fiskestammene.

Kursvirksomheten vår er eit ledd i å lære bort

og å ta vare på dei gamle konserveringsmåtane,

samt gje gjestene ein naturopplevelse i kulturlandskapet.

Rakafisk har og vorte ”innmat” og

rakafisk av villfisk er ei eksklusiv vare. Me er

i ein unik situasjon fordi det er råvaretilgangen

vår som er begrensninga av kor mykje me kan

selja. Det er heilt klart at me har fått opp augun

for kvalitet og råvarer som kjem rett frå naturen.

I og med at me driv Iungsdalshytta har me ein

eineståande sjans til å få folk til fjells, syne dei

kor viktig kulturlandskapet er og betydningen av

å ha tilnærma uberørt natur.

Iungsdalen

Geirmund Tormodsgard

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!