26.07.2013 Views

Last ned hele bladet - Caspar Forlag AS

Last ned hele bladet - Caspar Forlag AS

Last ned hele bladet - Caspar Forlag AS

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Nils Kristian Skiple

Kva må gjerast for at

elevane skal bli flinkare

i matematikk?

Utgangspunktet for denne teksten er evalueringa

av L97 (Brekke m.fl. 2003) og resultata

frå den internasjonale undersøkinga PISA2000

(Kjærnsli og Lie 2003).

Evalueringa av L97 viser at elevane sine

rekneferdigheiter har gått ned frå 1995 til 2003,

og at intensjonane i læreplanen i liten grad er

følgd opp i praksis.

Resultata frå PISA2000 viser at Noreg gjer

det spesielt dårleg i matematikk.

Det er difor nødvendig å gjera noko, men

kva?

Brekke foreslår ein tydlegare læreplan og

meir kursing av matematikklærarane. Eg er

einig i det, spesielt at det trengst ein tydlegare

Nils Kristian Skiple studerer matematikk

fagdidaktikk ved Universitetet i Bergen,

nils.skiple@student.uib.no

30

læreplan. Men for at den læreplanen skal bli

god er det viktig at ’kvardagsperspektivet’ frå

’grasrota’ kjem fram.

For det første, lærarane får så utruleg mange

føringar frå styresmaktene, kva garantiar har

me då for at føringane knytt til matematikk

skal bli prioritert?

Og for det andre, når læreplanen ikkje blir

følgd opp i praksis, så må det også vera grunnar

for det knytt til den einskilde elev, lærar og

skule. Vil elevane læra matematikk? Kva sosioøkonomisk

bakgrunn har dei? Kva haldningar

har dei til skulearbeid generelt? Kva tenkjer

eigentleg lærarane? Kva haldningar har dei til

faget? Kva erfaringar har dei? Kva identitet har

dei? Korleis er arbeidsmiljøet på den einskilde

skule? Er realfaglærarane inkludert i fellesskapen,

er det rom for refleksjon, er det rom

for nytenking, korleis er dei fysiske forholda

på skulen, korleis er budsjettet, kor sterke er

føringane frå kommunen og staten? Dette er

eit utval spørsmål meir direkte knytt til skulekvardagen

og livet i skulen. Og når desse

vert drøfta trur eg det er viktig å ha eit ’nedanfrå

og opp-perspektiv’, i motsetning til det

meir vanlege ’ovanfrå og ned-perspektivet’. I

det følgjande vil eg avgrensa meg til lærarane

ved å laga ei historie om to ulike lærartypar,

1/2005 tangenten

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!