26.07.2013 Views

Last ned hele bladet - Caspar Forlag AS

Last ned hele bladet - Caspar Forlag AS

Last ned hele bladet - Caspar Forlag AS

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

heime med matematikkoppgåver som har

fasitsvar. Men dei klagar ikkje, for det er moro

å vera på skulen i matematikktimane.

Lærar A og lærar B står for kvar sin ytterkant,

lærar A for tradisjonen og lærar B for det nye

knytt til L97. Det er positive og negative aspekt

knytt til både lærar A og B si undervisning.

Kva skal til for at dei skal samarbeida, slik

at det nye kan bli ei blandinga av det beste frå

begge? Det er eit godt spørsmål, som eg i det

følgjande skal prøva å svara på.

For det første, den nye læreplanen lyt til ein

viss grad legitimera den tradisjonelle overlæringa

av omgrep og algoritmar. Det grunngjev

eg ut frå Skovsmose [2] som argumenter for

at matematikken kan forståast som eit framandt

språk, og McLaughlin (1987, referert i

Sjøberg [2]) som meiner at eit framandt språk

best kan lærast ved at ein del grunnleggjande

ferdigheiter vert automatisert. Ein annan

grunn er sjølvsagt den at lærar A vil ta den nye

læreplanen meir alvorleg, når den inneheld

ein metode han av erfaring veit har fungert.

I L97 låg det underforstått at hans læringssyn

var ein anakronisme, og indirekte vart han då

ein gamal stabukk, ikkje så rart då at L97 vart

lagt på hylla.

For det andre, skulane lyt etablera fagseksjonar

og dei må få ein agenda. Først på agendaen

til matematikkfaget lyt det stå matematikkfilosofi

og vitskapsteori, kva er eigentleg

matematikk, kva er kunnskap, kva er læring,

kva er målet for matematikkundervisninga i

skulen?...Altså at dei matematikkdidaktiske

spørsmåla, kva? og kvifor?, vert diskuterte.

Kanskje kan det virka litt framandt og sært

at lærarane skal vera fokuserte på filosofiske

spørsmål, men eg støttar meg til Quale (Jorde

og Bungum [1]).

32

Det må utarbeidast materiell som lærarane

kan bruka som diskusjonsgrunnlag, og haldast

kurs for nokre utvalde lærarar, men det viktigaste

er diskusjonen på den einskilde skule.

Denne diskusjonen lyt stå på agendaen ei god

stund før ein diskuterer korleis ein skal organisera

den nye undervisninga. I Noreg har skuleutviklinga

på den einskilde skule, i motsetning

til for eksempel i svensk skule, hatt for sterkt

fokus på ”korleis-spørsmålet”. Dette må det

takast høgde for i utforming av den nye agendaen

jamfør idealet innan didaktikken; først

kva, så kvifor og til slutt korleis.

For at det skal vera realistisk å oppretta fungerande

fagseksjonar, så må noko anna prioriterast

ned. Etter mitt skjønn må det bli alt det

funksjonæraktige arbeidet i team/ trinn knytt

til det å leggja timeplanar, årsplanar, tverrfaglege

planar o.s.v. Timeplanen, eller eit sett

med timeplanar for ulike behov, bør lagast av

administrasjonen, og den nye læreplanen må

vera så spesifisert at den kan erstatta dei fleste

planane som vert laga rundt på skulane i dag.

På den måten kan det frigjevast tid til interessante

fagdidaktiske spørsmål.

For det tredje, lærarane må få høve til å

hospitera, for på den måten å få nye impulsar.

Det kan vera hospitering innan skulen, følgt

opp av tid til samtale mellom dei to lærarane

etterpå. Men gjerne og hospitering knytt til

andre skular og/eller relevante arbeidsplassar

som ikkje er knytt til utdanningssektoren. Min

påstand er at norske lærarar er lærevillige, og

vil ta i mot slike tilbod med glede. Føresetnaden

er at det vert lagt til rette, slik at det ikkje

kjem på toppen av alt anna, sagt med andre

ord, at ein ikkje sjølv lyt organisera det og

ordna med vikar. Statens utdanningskontor

og/eller kommuneadministrasjonen lyt altså

vera tutorar for dette.

(fortsettes side 43)

1/2005 tangenten

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!