26.07.2013 Views

Kulturarv som varer, boka om pilotprosjektene

Kulturarv som varer, boka om pilotprosjektene

Kulturarv som varer, boka om pilotprosjektene

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Perler i Nordsjøløypa

Luftskipet : Inn for landing på Gjerdet

kulturminnegard.

76

om Telavåg gjer inntrykk på store og små. Heile 200 bygningar, av dei 66

bustadhus, vart jamna med jorda. Til og med vassbrønnane vart øydelagde

av nazistane. Selstøbuene gjekk fri. Dei ligg ytst ved havet og vart tidlegare

nytta til garnbuer i samband med fiske. Folk budde i desse buene både

under og etter krigen. I slutten av 1950-åra vart dei leigde ut til byfolk eit

par tiår. Sia stod dei til forfall. Men no er det råd for alle å nytte dei, også

til å overnatte i.

Dei på Gjerdet

Dei på Gjerdet kulturminnegard sit ikkje nett på gjerdet, dette er driftige

damer med luftige idear. Dei ser for seg at garden skal bli eit kulturhus der

aktivitetane som har vore i stova og på kjøkenet opp gjennom tidene, vert

tekne oppatt, slik som baking, hekling og strikking. Den siste bebuaren på

Gjerdet var trygdesjef Olga Fjell, både ho og dei to andre kvinnene som

budde i huset, var interesserte i handarbeid og handverk. Huset vart ikkje

rydda etter at Olga døydde, og Fjell kommune fekk garden i gåve i 2007.

På kjøkenet står hekla kakestykke og freistar. Men planen er å kunne

selje meir spiseleg og lokalprodusert mat, som strilelam. Låven vert

restaurert og bygd om til utstillings- og møtelokale. På sikt kan nokre av

kunstnarane som er knytte til Gjerdet gard i dag, etablere verkstad her.

Dei vonar å kunne byggje ei merkevare rundt namnet Dei på Gjerdet,

og det har allereie vore mange handverkarsamlingar i stova.

– Det viktigaste er at vi får ein møtestad der vi kan samlast, utveksle

kunnskap og i tillegg selje produkta våre. Med tida vonar vi å opne ein

butikk og ein kafé som kan presentere både mat og handverksprodukt på

ein ny og spennande måte, seier prosjektleiar Grethe Bergsvik. Ho blar

i gamle mønster og oppskrifter, sirleg klipte ut frå vekeblad. I ein gamal

amerikakoffert fann dei også fleire utgåver av Mønstertidende frå slutten av

1800-talet.

Vidareutviklinga av handverks- og handarbeidstradisjonen på Gjerdet

er allereie godt i gang. Foto av verktykassa, bestikkskuffa på kjøkenet og

innhaldet i ei dameveske dei fann, er vortne mønster på nye stoltrekk.

Strameibroderi vert PC-vesker. Designar, skreddar og konseptutviklar

Siv Støldal er ei av drivkreftene på Gjerdet, og ho har dessutan lang

erfaring med forretningsdrift innan tekstil og klesdesign.

– Vi handsamar alt her med stor respekt og fer varsamt fram,

understrekar ho. Alt som ligg i skap og skuffer, skal få liggje i fred,

men synleg. Det er personleg og sjarmerande, også det som vart samla

på sytti- og åttitalet. Husmorvindauga skal få stå. Det same skal alle

yoghurtbegera, slike som alle gamle damer samlar på inst i skapa sine.

Det er livsløpet til denne staden.

– Men vi ynskjer også å utvikle dette vidare, med nye uttrykk, seier Siv.

Perler i Nordsjøløypa

På Gjerdet: Her strikkar ein nye klede

til gamle tradisjonar – og etter lokale

kakeoppskrifter.

77

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!