26.07.2013 Views

på STUDiETOppEn - Studvest

på STUDiETOppEn - Studvest

på STUDiETOppEn - Studvest

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

8

NYHeT

Førstegongsteneste.

fleire kan sleppe

andre innkalling

LikestiLLing. Til hausten får også jenter sesjonsplikt.

ei ny sesjonsordning

kan no gjera det mindre

sannsynleg at dei

som har utsett førstegongstenesta

får ny

innkalling.

Tekst: GeRd MARGReTe TJeLdFLåT

– Ordninga me har i dag er ikkje kvalitativt

god nok, seier oberst Rune

Jomås frå Forsvarsdepartementet.

Forsvaret vil difor i næraste

framtid innføra eit nytt sesjonssystem.

Ei anna medverkande årsak

er at ein skal innføra sesjonsplikt

me føretrekk dei

yngste.

John Einar Hynaas, sjef for Vernepliktsverket

for kvinner. Dette medfører at dobbelt

så mange som før, totalt 60 000

unge, skal på sesjon, noko som gir

behov for automatisering.

– Sesjonen vert todelt. Første del

er ei elektronisk eigenerklæring, og

andre del vanleg sesjon. Berre 25 000

kjem vidare frå første del. Tilslutt

kjem 10 000 til å verta innkalla. Det

tilsvarar behovet det norske forsva-

ret har per i dag, fortel John Einar

Hynaas, sjef for Vernepliktsverket.

UTseTJiNG

– Slik forholda er no, må me kalla

inn 35 000 for å få dei 10 000 me

treng. Eg vil tru at om lag åtte av

ti leverer søknad om fritak eller

utsetjing før januarinntaket. Dette

håpar me å unngå framover, seier

Hynaas.

Dei fleste som søkjer om utsetjing

gjer det fordi dei er under utdanning.

Desse kan få ny innkalling

seinare.

– Me føretrekk dei yngste, men

særleg dersom ein har utdanning

som er relevant for forsvaret eller

er i svært god fysisk form kan ein

vera av interesse for oss. Det overordna

prinsippet er i alle tilfelle kor

stor tilgong me har på folk, forklarer

Hynaas.

– Det kan bli mindre bruk for

dei som har utsett førstegongstenesta

når det nye ordninga trer i kraft,

men det er jo avhengig av kor godt

systemet kjem til å fungera, tilføyer

han.

Oberst Jomås understrekar at

det ikkje er nokon fasit på kven som

blir kalla inn og ikkje. Han meiner

forsvaret har behov for studentar

uansett utdanning.

– På den andre sida vil og alle

studentar ha nytte av eit år i militæret.

Her kan dei utvikla seg sjølv

som menneske og få ein kompetanse

ein ikkje får nokon andre stader.

Eigentleg burde alle vore innom forsvaret,

seier han.

UReTTFeRdiG sYsTeM

Lasse Hansen, student på samanliknande

politikk, har ikkje vore i

militæret enno. Han skulle på folkehøgskule

då han fekk innkalling,

og fekk difor utsett førstegongstenesta

si.

– Eg fekk ny innkalling eit år etter,

men då var eg byrja å studera,

og fekk utsetjing igjen på grunn av

det, fortel han.

Han understrekar at han ikkje

ser mørkt på eit år i militæret, men

NYTT SESJoNSSYSTEm

synst det er dumt om han blir kalla

inn når han er ferdig med studiane.

Hansen seier og at han synst systemet

er urettferdig slik det fungerer i

dag.

– Eg har vener som må inn i militæret

sjølv om dei har barn. Då

synst eg det er urettferdig at slike

som meg kan sleppa unna. Forsvaret

kunne utvist litt meir skjønn i innkallinga,

meiner Hansen.

Hynaas bekreftar at det å ha

forsørgjaransvar for eit barn normalt

ikkje er god nok grunn for utsetjing.

– Dette er likevel ein vurderingssak

og i stor grad avhengig av søknaden.

Me utviser stor grad av

skjønn i saksbehandlinga vår, konkluderer

han.

• I framtida vert det todelt sesjon.

• Første del består av spørjeskjema med 50 spørsmål om helse, utdanning,

interesser, motivasjon osv.

• Både jenter og gutar i årskullet, ca 60 000, må svara på dette.

• 25 000 blir valgt ut av ei sentral nemnd og må møta til del to; vanleg

sesjon.

• Sesjonen kjem til finna stad på 12 faste stader i landet.

• Til slutt vert 10 000 teke ut til førstegongsteneste.

• Målet er at flest mogeleg skal få vita kvar dei skal gjennomføra førstegongstenesta

med ein gong dei er ferdige på sesjonen.

• Forsvaret håpar å innføra det nye systemet på 92-kullet, det vil seia

at desse vil få skjema utsendt i haust.

Foto: Kim Henning Bjorheim/Forsvarets Mediesenter

11. mars 2009

STUDVEST

fire på gata

1. slik sesjonsordninga er no

må berre tre av ti gjennomføra

førstegongstenesta. synst

du systemet er urettferdig?

2. Trur du det er vanskeleg å

sleppa førstegongsteneste om

ein ikkje vil?

ARTUR BURDEK, (22)

prosessteknologi (uiB)

1. Det er urettferdig for dei som

ikkje vil. Dei bør få sleppa.

Samtidig har me jo ikkje bruk

for alle i førstegongstenesta.

2. Det trur eg er ganske lett.

ARNE SCHEI, 25

Biologi (uiB)

1. Nei, eg synst ikkje det er

urettferdig. Det gir dei som har

lyst i militæret mogelegheita,

og dei som ikkje vil slepp unna.

2. Nei. Som sagt; dei som ikkje

vil, slepp unna.

JoNAS JAREm, (23)

Juss (uiB)

1. Me blei i alle fall presentert

eit anna bilete då me måtte inn i

førstegongstenesta. Då vart det

framstilt som at ein måtte gjera

anten militær eller sivil teneste.

2. Nei, det ser i alle fall ikkje

sånn ut på denne statistikken.

LARS-ERIK LUNDE (23)

Energiteknologi (HiB)

1. Nei, eg synst ikkje det er urettferdig,

men eg synst det er for

lite. Norske gutar har godt av å

vera i militæret.

2. Nei, i alle fall ikkje med den

statistikken. På ei anna side ville

nok dei som har mest lyst til å

sleppa mest godt av å vera i militæret.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!