30.07.2013 Views

Nytt norsk kirkeblad nr 3-2011 - Det praktisk-teologiske seminar

Nytt norsk kirkeblad nr 3-2011 - Det praktisk-teologiske seminar

Nytt norsk kirkeblad nr 3-2011 - Det praktisk-teologiske seminar

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

des eit tradisjonelt kjønnsrollemønster,

og meinte at det var vanskeleg å kombinere

presteyrket med pliktene som mor

overfor barn, heim og familie. Difor

meinte han at det var best for kvinner å

vere institusjonsprestar.

At dei første kvinnene vart ordinerte

i Svenska Kyrkan i 1960, gav den norske

debatten ny intensitet. Jacob Jervell

(1925-), som frå 1960 var professor

ved TF, vart ein prolert forsvarar av

kvinnelege prestar i den oentlege debatten.

Fakultetet forlét dermed den

varmsame linja frå 1950-åra. Jervell tok

utgangspunkt i det endra synet på presteembetet

som reformasjonen innebar.

Embetet er ikkje ein føresetnad for

evangeliet som i den romersk-katolske

kyrkja, men evangeliet er ein føresetnad

for embetet. Dermed er embetet

etter lutherske syn «redskap» for evangeliet.

Dei kvalikasjonar som er naudsynte

for presteembetet, er tua åleine

på evangeliet. Dåpen utgjer i følgje

Jervell den eigentlege føresetnaden for

å ha eit embete. Dermed er dette prinsipielt

sett mogleg for alle døypte. Dette

gjer naturlegvis kvinner like så kvaliserte

til å forkynne ordet og å forvalte

sakramenta som menn. Nektar ein for

kvinners «dåpsordinasjon», er ein inne

på ein farleg veg, meinte Jervell. «Da er

andre ting enn evangeliet bestemmende

for embetet».

Rektor Fjelberg vart ei viktig støtte

for den første kvinnepresten, Ingrid

Bjerkås. Ho tok praktikum i 1960, og

- 11 -

det var Fjelberg som rådde ho til å ta

kontakt med biskop Schjelderup med

tanke på ordinasjon. Under krigen

hadde ho ut frå personlege røynsler

vorte sterkt medviten om å ha eit kall

frå Gud. Dette førte henne til TF og til

teologistudiet. Schjelderup var ikkje

uviljug til å ordinere, men hadde nok

sett for seg at ein yngre kandidat skulle

bli den første kvinnepresten.

Schjelderup våga å trosse bispekollegaene

sin motstand og utnytta fridomen

sin i embetet som biskop til

å ordinere Bjerkås til den første kvinnelege

presten i Den norske kyrkja.

Storhendinga fann stad 19. mars 1961

i Vang kyrkje utanfor Hamar. Kort etter

vart Bjerkås utnemnt til sokneprest

i Berg og Torsken i Nord-Hålogaland

bispedømme. Soknepreststillinga var

utlyst for tredje gong, og Bjerkås var

einaste søkjar. Det eine av dei to sokneråda,

prosten og biskopen hadde innstilt

henne. Eit lite mindretal i kyrkjelyden,

i hovudsak læstadianarar, gjekk

i mot å få ein kvinneleg prest. Ved MF

freista ein å utnytte det som var av lokal

motstand. Professor Leiv Aalen

(1906-83) ved MF sende eit ope brev til

biskopen i Nord-Hålogaland gjennom

avisa Dagen og bad om at det vart sett

inn mannleg prest for dei i kyrkjelyden

som var i samvitsnaud. Men dette avviste

biskopen. Det viste seg at Bjerkås

tok folket på Senja med storm. Ho vart

ein høgt respektert og elska prest i kyrkjelydane

Berg og Torsken.

INGRID BJERKAAS-JUBILEUM

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!