30.07.2013 Views

Nytt norsk kirkeblad nr 3-2011 - Det praktisk-teologiske seminar

Nytt norsk kirkeblad nr 3-2011 - Det praktisk-teologiske seminar

Nytt norsk kirkeblad nr 3-2011 - Det praktisk-teologiske seminar

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

setje han frå det høge embetet og ved å

slå han halvt til døde. I helgenhistoria

har Nikodemus spelt ein nokså anonym

rolle som helgen for gravferdsarbeidarar

og folk i omsorgsyrker.

Vi treng altså ei forklaringsmodell

som ikkje er basert på eintydige motsetningspar

og stabile identitetar, men

som opnar opp for identitetsendring,

nedstigning og kroppsleg omsorg som

noko godt. Den danske teologen Niels

Grønkjær har i boka Den nye Gud. Eer

fundamentalisme og ateisme levert eit

glødande forsvar for tanken om at både

Gud og mennesket endrar seg og at det

er ein god ting. Grønkjær forstår kristen

tru først og fremst som ei kjelde, ikkje

som eit fundament. «Det drejer sig altså

ikke om at vende tilbage til et eller andet

urokkeligt fundament, men om at forstå

kristendommen som kilden til den fornyelse

hvori vores liv til stadighed fuldbyrdes.

Åbenheden er gennemgående,

gennemstrømmende» (s.49). I denne

samanhengen sondrar også Grønkjær

mellom to heilt ulike måtar for å forklare

at det nesten er umogleg å snakke

om Gud. Det eine er at slik tale må vere

mystisk, den andre at det dreier seg om

paradoks. Det mystiske blir oe forbunde

med noko evig som er for høgt og

annleis til å kunne bli gripe med menneskelege

ord. Paradokset dreier seg om

ein vanske av ein annan art, det er noko

som bryt med menneskelege førestillingsmåtar

nettopp fordi det kjem heilt

innpå oss og tilsynelatande motseier seg

sjølv.

- 51 -

I vår samanheng gir det god meining

å tenke seg at samtalen mellom

Nikodemus og Jesus blir forstått ut frå

det paradoksale og ikkje det mytiske.

For dei orda og førestillingane Jesus gjer

bruk av i sin tale: fødsel, vatn og vind,

er jo jordiske, men dei representerer

ikkje noko stabilt, men set heller ord

på noko foranderleg som forandrar. Og

det paradoksale ved talen er nært knytt

til samtalens dynamikk: Det skjer noko

i ein kvar dialog som fortener namn av

dialog: Identiteten til samtalepartnarane

blir satt på spel og utfallet er slett ikkje

gitt på førehand. Noko uventa kan skje.

Ekte samtalar dukar for forandring. Slik

vert Nikodemus sin stabile identitet endra

i denne samtalen og i evangelia nst

det mange tydlege døme på at Jesus også

forandrar seg som følgje av møte og

samtalar med andre menneske. Å framstille

andre menneske som uforanderlege

med ein heilt fastlagt identitet, kan

vere med på å halde dei fast i det som

var. Å vere menneske blant andre menneske

er også å opne opp for at endringar

kan vere nødvendige (i bokstaveleg

forstand: dei kan verkeleg vende nød)

og gode. Det er også det som er engelen

sitt bodskap i omas Tranströmer sitt

populære dikt: «Skäms inte för at du är

människa, var stolt! / Inne i dig öppnar

sig valv bakom valv oändligt. / Du blir

aldrig färdig, och det är som det skall.»

Kanskje gjeld det same, berre i større

målestokk, for den treeinige Gud? «Å,

for eit djup av rikdom / og visdom og

kunnskap hos Gud! / Kor uransakelege

1 S.E. PINSE

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!