30.07.2013 Views

Nytt norsk kirkeblad nr 3-2011 - Det praktisk-teologiske seminar

Nytt norsk kirkeblad nr 3-2011 - Det praktisk-teologiske seminar

Nytt norsk kirkeblad nr 3-2011 - Det praktisk-teologiske seminar

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

hans dommar er, / og kor ufattelege

hans vegar!» skriv Paulus (Rom 11,33).

Vegane er stader for forandring og for-

ytning. Det er kanskje derfor «vegen»

vart eit omgrep brukt om den første

kyrkjelyden (Acta 24,14)? Vegen er også

heilt frå gamalt av tenkt som ein tenleg

plass for innlæring av truas sanningar (5

Mos 6,7). Jesus presenterer seg sjølv uttrykkeleg

som «vegen, sanninga og livet»

(Joh 14,5). Det vil jo slettes ikkje vere

urimeleg å bruke årets Treeiningssøndag

til å reektere meir om det paradoksale i

den kristne trua på ein treeinig Gud. Og

då kan Niels Grønkjær si bok som er eit

religionslososk essay utifrå den apostoliske

trusvedkjenninga, vere ein verdifull

ressurs.

ELLER KANSKJE DÅPEN?

Like nærliggjande er det kanskje å la

tekstane for dagen speile seg i dåpsvatnet.

Kyrkjemøtet har no vedtatt ei ny

ordning for dåp og denne dagen kan

vere eit godt høve til å førebu prest og

kyrkjelyd på korleis dåpshandlinga snart

vil arte seg. Eg trur jo, når eg tenker meg

om, at noko av det eg har reagert mest

på i dagens ordning, er dei utsegna som

fastslår uforanderlege sanningar: «Dei

er fødde med menneskeslekta si synd

og skuld» og, med ord frå samtalen

med Nikodemus, «ingen kan koma inn

i Guds rike utan at han vert fødd på nytt

av vatn og Ande». Ordlyden gjer det lett

å tenke seg at dette er ein endeleg karakteristikk

av menneske og kanskje særleg

HEFTE TRE ÅRGANG TRETTINI

- 52 -

av dei andre. Med ei sterkare fokusering

på dåpen som handling og på vatnet, vil

det truleg bli lettare å erfare dåpen som

ei opnande og forandrande handling, eit

identitetsskie som frigjer frå dei fastlagde

og fastlåsande karakteristikkane.

Da den svenske forfattaren Göran

Tunström deltok på eit etterutdanningskurs

for teologar med den talande tittelen

«Ånden blåser dit den vil» i Oslo

i 1994, las han frå romanen Tjuven om

den store barnedåpen i. For hovudpersonen

Johan er møtet med dei uforståelege

orda og handlingane i dåpshandlinga

frigjerande: «Han kunde knappast

andas men ville samtidigt att prästen

aldrig skulle sluta, fast han inte förstod

ett ord, men det var just det som var det

viktiga: att det här var större än han själv.

Att han slapp känna igen. När prästen

hällde vattnet över honom blundade han

och när han sa I Faderns, Sonens och

den Heliga Andes namn var det som om

alla ord hade STORA BOKSTÄVER och

han tyckte at hans fula ansikte fylldes ut

och blev alldeles nytt. Han kände på det.

Det var samma ansikte, men kanske han

känt eer för sent. Det hade varit ett nytt

– en liten stund. Precis så länge att han

ck veta hur det kunde kännas.»

Utifrå dette kan ein jo berre håpe at

den nye dåpsliturgien også kan bli ei

kjelde til forvandling. Sånn at vi kan få

vite korleis det kunne arte seg. Vinden

bles dit den vil. Det gir håp. Også for ei

kyrkje som kan verke litt stivna. ■

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!