30.07.2013 Views

Nytt norsk kirkeblad nr 3-2011 - Det praktisk-teologiske seminar

Nytt norsk kirkeblad nr 3-2011 - Det praktisk-teologiske seminar

Nytt norsk kirkeblad nr 3-2011 - Det praktisk-teologiske seminar

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

for seg ei kvinne som statsråd, i militæruniform

– eller i prestekjole? Men

kvinnerørsla gav ikkje opp. Fleire gonger

vende kvinneorganisasjonar seg til

styremaktene om å få endra embetsmannslova,

slik at mellom anna presteembeta

kunne bli opna for kvinner.

Ein sentral agitator for saka i denne

perioden var Marta Steinsvik (1877-

1950). Ho var den første kvinnelege

studenten ved Menighetsfakultetet, og

den første kvinna som preika ved ei forordna

gudsteneste i Den norske kyrkja.

Det skjedde ved ei kveldsgudsteneste

i Grønland kyrkje i Kristiania, i april

1921. Ho måtte tåle at professor Sigurd

Odland (som oppretta MF) då han på

førespurnad om å vere predikant i den

same kyrkja ved eit seinare høve, svara:

«Dersom hele kirken blir lutvasket innvendig,

skal jeg ta under overveielse å

preke i kirken.» Steinsviks preike førte

til at ho vart irettesett av MF, og ho slutta

i protest.

Ved Det teologiske fakultetet ved

Universitetet – landets eldste teologiske

utdanningsinstitusjon - dominerte den

liberale teologien, som hadde sigra ved

fakultetet ved hundreårsskiet, og som

opprettinga av MF var ein protest mot.

Då spørsmålet om å opne presteembeta

for kvinner vart sendt ut på høyring i

1917 og 1921, meinte eirtalet av TFprofessorane

at det prinsipielt ikkje var

noko i vegen for at kvinner kunne bli

prestar. MF derimot ytra seg i mot ved

begge høyringane: Å tillate kvinner å

bli prestar, ville vere i strid med Guds

- 7 -

ord. Alle biskopane var òg i mot ved

begge høve. Spørsmålet om kvinnelege

prestar var ei ikkje-sak i store delar av

kyrkja.

UNDER DE SAMME

BETINGELSER SOM MENN

Men takka vere politikarane kom det

nytt driv i saka i 1930-åra. Tre gonger

på re år vart saka reist i Stortinget, i

1934, 1936 og 1938. Første gongen var

under ei venstreregjering, dei to andre

gongene var det Arbeidarparitet

som tok saka til stortingsalen. For

Arbeidarpartiet var det spørsmål om

rettferd og likestilling: alle statlege embete

burde vere opne for kvinner på

lik linje med menn. Men motstanden i

Stortinget var sterk nok til at saka vart

avvist både i 1934 og 1936. Det heldt på

å gå same vegen i 1938, men eit kompromiss

sett fram av venstreleiaren J.

L. Mowinckel (1870-1943) redda situasjonen.

Den såkalla Lex Mowinckel

vart vedteken 24. juni 1938, og hadde

slik ordlyd:

Kvinner kan under de samme betingelser

som menn ansettes i statens embeder.

Ved besettelse av kirkelige embeder

bør dog kvinner ikke ansettes som prester,

hvor menighetene av prinsipielle

grunner uttaler seg imot det.

Med dette vedtaket hadde regjeringa

fått Stortinget med på at kvinners presteteneste

var eit spørsmål om statsborgarlege

rettar. Endeleg hadde kvin-

INGRID BJERKAAS-JUBILEUM

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!