31.10.2014 Views

Sjekkliste for statlige virksomheter som vurderer å etablere ... - Deloitte

Sjekkliste for statlige virksomheter som vurderer å etablere ... - Deloitte

Sjekkliste for statlige virksomheter som vurderer å etablere ... - Deloitte

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

3.3 Forholdet mellom internrevisjonen og eit eventuelt styre

Eit ordinært forvaltingsorgan har som hovudregel ikkje noko styre som øvste styringsnivå i

verksemda. Det har samanheng med at verksemda ikkje er noko sjølvstendig rettssubjekt, men

ein del av staten, og blir styrt av det overordna departementet. For ein nærmare omtale av dette

viser vi til Fornyings- og administrasjonsdepartementets rettleiar ”Bruk av styrer i

staten” (2006).

Det er likevel fleire statlege verksemder, også forvaltingsorgan, som har eit styre. Det er

gjerne verksemder med ein viss grad av sjølvstende i faglege spørsmål, ofte regulert gjennom

lover eller forskrifter, eller med økonomisk-administrativt sjølvstende gjennom unntak frå

hovudprinsippa 9 i løyvingsreglementet.

Styret i eit forvaltingsorgan har likevel ikkje det same ansvaret som styret i eit aksjeselskap.

På grunn av det konstitusjonelle og politiske ansvaret til statsråden har ikkje styret i eit

forvaltingsorgan fullt ansvar, verken juridisk, økonomisk eller konstitusjonelt. 10 Sjølv om ei

verksemd har eit styre, er det ikkje gitt at internrevisjonen bør rapportere til det. I vurderinga

av om ein eventuell internrevisjon skal rapportere til eit styre, er det viktig å vere klar over dei

store variasjonane som finst i statlege verksemder når det gjeld oppgåvene, ansvaret og

myndigheita til styret. I nokre tilfelle er ansvaret til styret avgrensa til i praksis å vere eit

fagleg råd som kan støtte verksemda ved å ha ein annan kompetanse enn det verksemda (eller

departementet) sjølv har. Formålet med eit slikt styre vil vere å tilføre verksemda eit breiare

grunnlag for faglege avgjerder eller innsikt i ulike brukargrupper eller målgruppers behov. I

nokre verksemder har styret myndigheit til å gjere vedtak i konkrete saker. Styre blir òg brukte

i verksemder som har stor fagleg og/eller økonomisk-administrativ handlefridom, og der styret

fungerer som eit styringsledd mellom departementet og verksemda. Styrets oppgåver er då til

dømes strategisk styring av verksemda, økonomisk kontroll og oppfølging av verksemdsdrifta,

og kontroll med at verksemda tilfredsstiller fastsette krav. Dersom det er tilfellet, er det

normalt formålstenleg at internrevisjonen rapporterer til styret.

4 Kva verksemder kan ha særleg nytte av internrevisjon?

Kor stort behov ei verksemd og leiaren har for internrevisjon, vil variere. Verksemder som

vurderer å etablere internrevisjon, bør gjere ei kost-nytte-vurdering basert på dei forholda som

er mest relevante for dei. Ein internrevisjon i tråd med krava som IIA-standardane fastset, vil

innebere ein stor kostnad for verksemda, mellom anna i samband med anskaffing av

revisjonskompetanse og vedlikehald av denne gjennom sertifiseringar og deltaking i faglege

forum som krevst for å behalde sertifiseringar. Det finst òg andre (og kanskje billigare) måtar

å forbetre internkontrollen i verksemda på, og dei kan vere eit godt alternativ til å etablere

internrevisjon. Det er i første rekkje tiltak som gir linjeorganisasjonen betre kapasitet til å

følgje opp og forbetre internkontrollen i verksemda. Også enkeltståande evalueringar av

9 Hovudprinsippa i løyvingsreglementet er fullstendigheits-, eittårs-, kontant- og bruttoprinsippet. Det er særleg

det siste (bruttoprinsippet) det er gitt unntak frå, såkalla nettobudsjetterte verksemder.

10 ”Bruk av styre i staten”, rettleiar frå FAD (2006).

10

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!