21.01.2015 Views

2004-2007 - Sogn og Fjordane fylkeskommune

2004-2007 - Sogn og Fjordane fylkeskommune

2004-2007 - Sogn og Fjordane fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Gjennomføringa av mål og strategiar i strategiplanen vil innebere endringar på ei rekkje

område – endra elev/lærling- og lærar/instruktørrolle, endring i arbeidsmåtar, nye

læringsarenaer, endra samhandlingsmønster mellom ulike aktørar og nye måtar å organisere

opplæringa på. Alt dette krev m.a. auka kompetanse i endrings- og prosessleiing. Rektormøta

bør difor fungere som eit leiarforum der ein m.a. drøftar gjennomføring av mål og strategiar

som fast tema. Instruktørane vil, i samarbeid med bedriftsleiinga, også vere ansvarlege for

gjennomføring av mål- og strategiar synleggjort gjennom handlingsprogrammet.

2.8 Utviklings- og fornyingsarbeid

Innanfor vidaregåande opplæring er ein ulikt langt kome i utviklingsarbeidet. Dette dannar

utgangspunktet for at ein også i framhaldet må få høve til å arbeide i noko ulikt tempo i høve

nye arbeidsmåtar og ei meir fleksibel organisering. Erfaringane frå Differensieringsprosjektet

bør nyttast og byggast vidare på. Dei vidaregåande skulane har tre hovudutfordringar i dette:

- elevmedverknad

- leiing

- kompetanseutvikling

Utfordringane har samanfall med vurderingar som ligg til grunn for vedtekne mål og

strategiar, og er difor gjort til sentrale element i arbeidet med handlingsprogrammet. Skal ein

få til gjennomgripande endringar/forbetringar når det gjeld arbeidsmåtar, ei meir fleksibel

organisering og ei meir aktiv elev- og lærlingrolle, må endringsarbeidet forankrast på den

einskilde vidaregåande skule/bedrift. Eit tiltak kan vere å setje av utviklingsmidlar til meir

gjennomgripande forsøks- og utviklingsarbeid. Skulane og lærebedriftene vil få tilgang på

desse midlane etter søknad.

Deltaking i utviklingsarbeid gjennom fylkesplanen sitt programarbeid er eit viktig

arbeidsområde. Dei vidaregåande skulane vil ta aktivt del i, og er med og legg premissar for,

kva som skal vere prioriterte satsingsområde/einskildprosjekt innan dei ulike programområda.

For å samordne og skape erfaringsutveksling vil det vere tenleg å utvikle ein database for

utviklingstiltak og prosjekt innanfor vidaregåande opplæring.

Det er viktig for fylkeskommunen sin samla aktivitet at rolla som eigar og premissleverandør,

som ligg til fylkestinget, vert gjort tydeleg og har nødvendig tyngde. I den samanhengen er

det ein føresetnad at fylkestinget gjennom eit utvikla vurderings-, styrings- og

rapporteringssystem (kvalitetssystem) får tilstrekkeleg innsyn i heile den fylkeskommunale

verksemda. I utviklinga av eit kvalitetssystem for den vidaregåande opplæringa vil det vere

sentralt å finne fram til eit system som skapar eit nærare forhold mellom aktiviteten innanfor

den vidaregåande opplæringa, fylkesrådmannen og det politiske nivået. I dette

utviklingsarbeidet vil det bli arbeidd særskilt med kvalitetsomgrepet gjennom m.a. å definere

indikatorar for kvalitet og måloppnåing samt definere på kva område ein bør vurdere kvalitet.

Det er viktig at ein etablerer ei god kopling mellom kvalitetssystemet som skal utarbeidast for

vidaregåande opplæring, og det overordna og gjennomgåande kvalitetssystemet som ein vel å

innføre i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Team for leiar- og organisasjonsutvikling har

hausten 2003, etter oppdrag frå fylkesrådmannen, arbeidd med kvalitetssystemet balansert

målstyring. Dette er ein styrings- og rapporteringsreiskap samt ein metodikk for

organisasjonslæring og forbetring. Dette er eitt av fleire overordna kvalitetssystem som vert

vurderte framover.

10

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!