21.01.2015 Views

2004-2007 - Sogn og Fjordane fylkeskommune

2004-2007 - Sogn og Fjordane fylkeskommune

2004-2007 - Sogn og Fjordane fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

godkjenning. Dette vil krevje ei fleksibel og modulbasert opplæring med moglegheit for IKTbasert

fjernundervisning.

Rundt 200 av 230 ulike løp som fører fram til yrkes- eller studiekompetanse har læretid i

bedrift, der hovudmodellen er to år i skule og to år i bedrift. Denne organiseringa gjer det

viktig med tett kontakt mellom skule og bedrift om ein skal få heilskap i opplæringa. Det vert

difor tilrådd oppretta lokalnettverk; ein arena for forpliktande samarbeid mellom vidaregåande

opplæring og eksterne aktørar i lokalsamfunnet/regionen for å fremje heilskapstenking når det

gjeld kompetanseheving, gode oppvekstvilkår og alternative læringsarenaer.

Fylkeskommunen har seinast gjennom St. meld. 19 (2001-02) Nye oppgåver for

lokaldemokratiet – lokalt og regionalt nivå fått fornya oppdraget som koordinerande regional

utviklingsaktør. Dei vidaregåande skulane er viktige medspelarar innan næringsutvikling og

nyskaping i regionane. Eit verkemiddel for å systematisere og regulere samarbeidet med

arbeidslivet og samfunnet er å etablere partnarskapsavtalar. Dette bør skje både på lokalt nivå

(skule/bedrift/kommune/lag/organisasjonar) og sentralt nivå (fylkeskommune/bransje/

interesseorganisasjonar).

2.5 Eit desentralisert opplæringstilbod

Ein desentralisert tilbodsstruktur og samstundes ei opplæring av høg kvalitet vil medverke til

at den vidaregåande opplæringa ivaretek rolla som regional utviklingsaktør i heile fylket.

Dette vil også vere avgjerande for målsetjinga om å ivareta alle målgrupper sitt behov for

opplæring, ved å vere tilgjengeleg for ungdom og vaksne i det området dei bur og arbeider.

I sum inneber dette at skal vidaregåande opplæring oppfylle dagens og morgondagens krav,

må opplæringa:

- vere kvalitativt god og kunne gi tilfredsstillande læringsutbyte for den einskilde

- gjere ungdom i stand til å samhandle med andre og gjere eigne val i eit samfunn i endring

- vere fleksibel og individuelt tilpassa både den einskilde, næringslivet og samfunnet sine behov

- vere tilgjengeleg for alle (likeverdig tilgang til opplæring).

Eit forpliktande samarbeid mellom skulane skal m.a. legge til rette for at flest mogleg skal

kunne bu heime under opplæringa. Vedtekne mål og strategiar føreset at det i eit slikt

samarbeid vert laga heilskaplege planar både på kort og lang sikt for kvar region. Ein føreset

at det vert utvikla dynamiske og fleksible opplæringstilbod. Dei vidaregåande skulane skal gå

inn i eit samarbeid (regionnettverk) innanfor regionane Nordfjord, Sunnfjord/Ytre Sogn og

Indre Sogn. Samarbeidet skal fungere som eit internt nettverk/samarbeidsorgan – ikkje som

eit ekstra forvaltningsnivå/-organ.

Fylkesrådmannen ser på nettverk som eit viktig grep for å få dei vidaregåande skulane til –

gjennom eit samarbeid – å ta ansvar for eit heilskapleg opplæringstilbod i sitt område.

Vedtekne mål og strategiar føreset at dersom den næraste skulen eleven søkjer ikkje har

utfyllande nok tilbod, har skulen i samarbeid med andre vidaregåande skular i området ansvar

for å leggje til rette for eit fullstendig og godt tilbod. Dette gjeld også tilbod som vaksne

søkjer gjennom vidaregåande opplæring. Dette betyr eit offensivt samarbeid mellom skulane,

bruk av nettbasert opplæring og friare disponering av lærarressursen. Skal dei regionvise

nettverka fungere, er det ein føresetnad at ein arbeider for fjerne konkurranseelementet om

ulike opplæringstilbod i regionane. Styring av elevar, mest mogleg faste og føreseielege

rammer for den einskilde skulen vil fremje ein samarbeidskultur mellom skulane ytterlegare.

8

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!