21.01.2015 Views

2004-2007 - Sogn og Fjordane fylkeskommune

2004-2007 - Sogn og Fjordane fylkeskommune

2004-2007 - Sogn og Fjordane fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

App. 5 Kvalitet i opplæringa – system for kvalitetsvurdering og –sikring

Kvaliteten i opplæringa seier noko om i kva grad ein fremjar læring og lærelyst hjå alle elevar

og lærlingar, og om ein ivaretek elevane, lærlingane, lærarane, instruktørane og andre tilsette

sitt arbeid med å realisere måla i lov og læreplanverk.

Den 25.10.2002 oppnemnde fylkesdirektøren for opplæring eit eige utval med følgjande

oppgåve:

Målsetjinga med arbeidet er å fremje forslag til eit einskild system for kvalitetssikring av den

vidaregåande opplæringa i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Utvalet leverte sitt notat ”Kvalitet i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane” den

10.06.03. I dette notatet tolkar utvalet omgrepet kvalitetssikring i eit breitt perspektiv med

hovudfokus på kvalitetsutvikling. Utvalet gjer greie for kvalitetsomgrepet og kva som må

ligge til grunn for arbeidet med kvalitet og ser vurdering og utvikling i ein samanheng.

Område som utvalet meiner er sentrale for vurdering og kvalitetsutvikling i opplæringa er

nemnde og det vert gjort greie for kva faktorar som påverkar kvalitetsutviklinga.

Det lokale kvalitetsutvalet definerer kvalitet i opplæringa slik:

Kvalitet i opplæringa vil seie at planlegging, gjennomføring og vurdering av læringsarbeidet

skjer i samsvar med:

- behov, føresetnader og forventningar hjå den einskilde elev, lærling og føresette

- samfunnet sine krav og behov, slik det er uttrykt gjennom lover, forskrifter og avtaleverk

- kunnskap om og innsikt i didaktikk. Det vil seie at opplæringa er organisert ut frå

omsynet til den einskilde i ein heilskap basert på rammefaktorar, læreføresetnader,

læringsmål, innhald, arbeidsmåtar og vurderingsformer.

Kvalitet i opplæringa vil såleis alltid vere avhengig av kontekst og perspektiv. Det å

konsentrere arbeidet om tiltak og område som lett let seg kvantifisere, t.d. offentlege

karakterstatistikkar, kan ofte vere ei grov forenkling og seier lite om kvalitet. søking og

identifisering av kvalitet bør omfatte alt som er viktig for læringsprosessen og det

heilskaplege læringsresultatet.

Utdannings- og forskingsdepartementet (UFD) legg i framlegg om endring av opplæringslova

§13-10 andre ledd (jf. høyringsbrev datert 15.12.2003) opp til at:

Kommunen/fylkeskommunen og skuleeigaren for privat skule etter §2-12 skal ha eit

forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene til lova vert

oppfylte. Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter §2-12 skal ha eit

forsvarleg system for å følgje opp resultata for desse vurderingane og dei nasjonale

evalueringane som departementet gir med heimel i §14-1 fjerde ledd.

Endringsframlegget presiserer at skuleeigar skal ha eit eige system for å vurdere om gjeldande

lover og forskrifter blir følgd, samt eit system for resultatoppfølging. Det vil vere ei prioritert

oppgåve å utvikle eit slikt system. Det har fram til no vore stilt for få konkrete krav til resultat

og kvalitet i opplæringa. Eit tiltak for å komme nærare ei konkret og tydeleg bestillar-

/eigarrolle i den vidaregåande opplæringa, vil vere å finne fram til ein systematisk

dokumentasjon over aktiviteten på skule-/bedriftsnivå. Slik dokumentasjon vil vere eit viktig

grunnlagsmateriale for at fylkestinget skal kunne ta dei rette avgjerdene.

31

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!