22.04.2015 Views

Juristkontakt 5 - 2013

Juristkontakt 5 - 2013

Juristkontakt 5 - 2013

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Gulating

lagmannsrett

Gulating lagmannsrett er ankedomstol for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylke. Domstolen held til i ny retts bygning

sentralt i Bergen. Domstolen handsamer sivile saker og straffesaker, og dessutan skjøns saker. Førstelagmannen er leiar for domstolen,

som i alt har 34 dommarar, 2 utgreiarstillingar, administrasjons sjef og 19 saks behandlarar. Lagmanns retten er organisert i to

dommaravdelingar, ei utvals eining, sekretariat og fellestenester.

Juridisk utgreiar

Gulating lagmannsrett har ledig stilling som juridisk utgreiar.

Arbeidet som juridisk utgreiar byr på spanande faglege utfordringar i eit pulserande og triveleg arbeidsmiljø.

Utgreiarane vil gjere teneste for dommarane. Dei viktigaste arbeids oppgåvene vil vere knytt til skriftleg førebuing

av anker i sivile saker og straffesaker. Utgreiarane kan og få anna utgreiingsarbeid. Arbeidet gjev god innsikt i

prosessretten og ei rekke juridiske fagfelt, i tillegg til arbeidsmåten ved domstolen.

Det vert lagt stor vekt på gode juridiske kvalifikasjonar og eksamensresultat. Det vert kravd god skriftleg

framstillings evne på begge målformer. Utgreiarane må kunne arbeide sjølvstendig og målretta.

Evne til god saksframdrift er viktig.

Vi søker etter ung, dyktig jurist. Søkjarar bør ha 2-3 års relevant arbeids røynsle, til dømes som dommarfullmektig.

Vi ønskjer oss medarbeidarar med gode samarbeidsevner.

Løn etter lønssteg 46-59 (kode 1434/rådgivar) eller 56-66 (kode 1364/seniorrådgivar) i Statens lønsregulativ,

avhengig av kvalifikasjonar. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Tiltreding etter avtale.

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til lagmann Jan Erik Erstad, tlf. 55 69 39 45.

For opplysningar om domstolen, sjå www.domstol.no/gulating.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk

mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført

på søkjarlista.

Jobbnorge.no

Send søknad med CV, vitnemål og attestar elektronisk via www.jobbnorge.no - Søknadsfrist: 29. juni 2013.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!