18.11.2012 Views

Hele bladet - Fidelity

Hele bladet - Fidelity

Hele bladet - Fidelity

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

nok. Longlife spiss, loddetinn. Borbely kan levere loddetråd med sølv frå

WBT. Avloddingslisse/tinnsuger for å fjerne loddetinn er greitt å ha når

ein må gjere noko om igjen. Det må ein rekne med. Armband til å avleie

statisk elektrisitet. Elektronikktang. Multimeter. Borbely tilrår tilgang til

audiomåleutstyr, men det går utan.

Som vanleg når det gjeld forsterkar, kan dette med kabinett vere det

som er mest arbeid med. Det finnest ferdige å få kjøpt. Eg valde å lage

noko provisorisk av ting eg hadde liggande, eitt kabinett til nettdel og

eitt til sjølve forsterkaren. Elokserte lysarmatur i aluminium frå tidleg 70tal

kunne no sagast opp og få nytt liv! Men det er lurt å planlegge kva

som trengst av skruar, kontakter, kablar, apparatføter osb, slik at alt kan

vere på plass når ein skal begynne. Det er irriterande å gå og vente på

delar ein hadde gløymt å bestille. Borbely kan levere det meste. Det er

også eit tips å planlegge nok plass i kabinettet. Det kan bli unødig fomlete

dersom det er trangt.

Grei rettleing

Byggerettleiinga som fylgjer med er grei. Eg starta med nettdelen. Start

med dei lave komponentane, lus/jumper, loddepinnar, motstandar og

likerettardiodar (soft/fast recovery!). Stikk komponentane på rett plass

og bøy beina ut i ca 45∞ på baksida slik at dei ikkje ramlar ut når du

skal lodde. Eg plar klippe av i passeleg avstand frå loddepunktet før eg

loddar. Andre klipper etter dei har lodda. Plasser eit passeleg antal komponentar

i printet, bøy og klipp. Bøy beina på motstandar og dioder i

ein fin bend, ikkje for skarpt (Det kan skade leieevnen). Plasser jumper

for 230V på primærsida av trafoane. Plasser så kondensatorar (rett

veg!) og trafoar. Vent med å koble dei to kanalane saman. No er det

klart til å teste. Det fylgjer med motstandar til å lodde mellom V+ og GR

og V- og GR. Lodd provisorisk nettledning til nettterminalane/loddepinnane

på nettsida. Kontroller nøye at alt er korrekt med 230V konfigurering

osb. Kontroller at det ikkje er loddebruer eller anna som kan kortslutte.

Det er praktisk med lupe. Kva skjer når støpselet blir sett i kontakta?

Vil det ryke eller eksplodere? Det gjekk bra. Med multimeteret

stilt passeleg på likespenning, blei det konstatert at spenningsfallet over

testmotstandane var slik det skulle. Puh!

No begynner det å bli spennende. Neste trinn er regulatorane. Igjen

start med det lave. Kvar skaffar eg lus? Begynn med nokre motstandar.

Tråden som blir klipt av er grei. Dale-motstandane har bein av god kvalitet.

Greit med nr. på plastposane. Når du tar ut transistorane av dei

spesielle posane, så pass på å jorde deg sjølv. Transistorar er vare på

statisk elektrisitet til dei er på plass og lodda. Når alt er på plass og

nøye kontrollert er det igjen tid til å teste. Også her fylgjer det med passelege

motstandar til å lodde provisorisk mellom terminalane. Plasser

testleidningar mellom nettdel og regulator eller lodd provisoriske leidningar.

Kontroller rett polaritet! Bingo igjen! Spenningsfallet over testmotstandane

er som det skal vere.

Rask post!

Ikkje bli for utolmodig no! Det er fort gjort å bli for ivrig og gjere ein

bommert. Kjedeleg å vente på nye delar dersom noko går galt. Men

Erno Borbely er veldig grei og rask til å sende om det trengst. Meir om

det seinare.

Instrukssjonen er grei heile vegen, trinn for trinn og for testprosedyre.

Før eg var komen i mål fekk eg mail frå Erno som han signerar med.

Han spurde om eg hadde fått pakken og om eg hadde målt spenningsfallet

over R15. Eg rapporterte tilbake om verdien som var høgare enn

det skulle vere. "Det er for mykje," svara Erno. "Eg legg nye motstandar

i posten i dag." Tre dagar seinare, trur eg det var, låg brevet i postkassa.

No blei spenningsfallet som det skulle.

Så var det å plassere rett verdi for motstandar til MM PU for gain og

load. Laga loddepinnar her slik at det kunne bli lett å bytte verdi når

printet er montert i kabinettet. Her kunne det kanskje vore greitt med

eit opplegg som gjorde at ein slapp å lodde når ein skulle bytte motstandar,

men har ein lodda alt det andre, klarer ein vel å skifte motstandar

her også.

No er det ein del fin-arbeid med montering av div. kablar til og frå.

Eg brukte Neutric kontakt til straumforsyninga. Hugs å plukke ut sikring-

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!