19.11.2012 Views

Sixpackpraten - Under Dusken

Sixpackpraten - Under Dusken

Sixpackpraten - Under Dusken

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

KULTUR

YTRINGSFRIHET

Grunnlova til diskusjon

SOS Rasisme hevdar media skaper

nazistar. Samtidig fortel Vigrid

om eit godt nettverk i Trøndelag.

TEKST: LEIF HARALDSON AKSNES

leifhara@underdusken.no

FOTO: HANS INGE BERG

KOMPLEKST TEMA: Toril Aaberg meiner media bør vere på

vakt.

FAKTA

VER VARSAM-PLAKATEN

§4.3

Vis respekt for menneskes eigenart og identitet,

privatliv, rase, nasjonalitet og livssyn. Framhev

ikkje personlege og private forhold når dette ikkje

vedkjem saka.

40 www.underdusken.no

SOS Rasisme trugar med å melde Vi Menn til

politiet. Grunnen er at dei hevdar at Vi Menn

promoterer nazismen. Skuldinga kom etter at

veke magasinet i førre veke trykka eit intervju

med Vigrid. Vigrid ynskjer ikkje å kommentere

det andre skriv eller seier om dei.

– I prinsippet bør media halde seg borte

frå organisasjonar som Vigrid. I mange tilfelle

vert dei framstilte som latterlege, men all PR er

god PR, forklarer organisatorisk nestleiar i SOS

Rasisme, Trond Thorbjørnsen.

Vigrid vedgår at dei har eit godt miljø

spreidd utover heile landet. Dette inkluderer

også aktive medlemmer og eit godt nettverk i

Trøndelag.

SOS til folket

Toril Aalberg arbeider ved Institutt for sosiologi

og statsvitskap ved NTNU. Sjølv ser ho ytringsfridom

som eit ømt tema utan enkle svar.

– Ein kan jo ikkje unngå å belyse eit

fenomen sjølv om det i nokre tilfelle kunne vore

ynskjeleg at det vart forbigått i stillheit. Debatten

om ytringsfridom er jo svært kompleks, og eg har

ikkje noko fasitsvar. Det er nok ikkje ei løysing

å tie organisasjonar som Vigrid i hel. Norske

medium går ikkje med på sjølvsensur likevel.

Thorbjørnsen ser ein samanheng mellom

nazi organisasjonane sine medieoppslag og

med lem stala deira.

– I fjor sommar var det ein god del saker

om naziorganisasjonane som vekte oppsikt, og

i etterkant merka ein at det vart større pågong

hjå dei.

Thorgrim O. Bredesen er mediekoordinator

for Vigrid, og legg ikkje skjul på at han er einig i

at media er ein viktig faktor:

– Det er heilt klart at publisiteten i media

aukar medlemstala våre. Å vise oss fram i media

er ein taktikk me nyttar aktivt. Sjølv om media

forvrenger det me seier og framstiller oss både

negativt og som dumme trur eg at mange ser

gjennom fi ngrane og får tak i budskapet me

prøver å få gjennom.

Trond Thorbjørnsen innrømmer at trusselen

om politimelding var meint som eit innspel for å

få ein debatt i samfunnet og i media.

Media si vaktbikkje

Sjølv om ho tykkjer media ikkje kan unngå å

belyse eit fenomen, meiner Toril Aalberg at

media er nøydde til å vere på vakt.

– Pressa er generelt nøydd til å vere objektive

og halde avstand til kjelda. Samtidig må den som

refererer ikkje fungere som eit direkte talerøyr

for meiningar og program.

Kjell M. Børringsbo er tilsett ved Pressens

Faglige Utvalg (PFU), eit organ som tek seg av

presseetiske saker.

– Me har aldri fått få klager på ytringar

frå Vigrid. Når det kjem til det juridiske prøver

PFU å halde seg lengst mogeleg unna, det er

det pressetiske som er vår sak. Dersom ein

artikkel bryt med Ver varsam-plakaten er det

aktuelt for oss. Tidlegare har det vorte sett ned

ein ytringsfridomskommisjon, den endte jo med

konklusjonen at lova snarare måtte utvidast enn

leggast i band.

Nordmenn med dømmekraft

Repotasjeleiar i Vi Menn, Per Henrik Stenstrøm,

ynskjer ikke å kommentere ei eventuell

politi melding, men seier seg ueinig med SOS

Rasisme.

– Det går jo ikkje an å ta frå nokon

ytringsfridomen, og når SOS Rasime seier at

det ikkje går an å skrive ein slik sak samme kor

kritisk ein skriv den, meiner eg det vert feil. Ei

sak kan ikkje alltid ha med begge sidene. Skriv

ein om Høgre må ein ikkje nødvendigvis ha

med svar frå SV. Hadde det vore slik, skulle jo

fråsegner frå antrasistiske organisasjonar vorte

kommentert av rasistiske organisasjonar.

Stenstrøm stoler samtidig meir på dømmekrafta

til det norske folk enn det den antirasistiske

organisasjonen gjer.

– Den beste måten å skremme trolla på er å

få dei fram i sollyset.UD

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!