11.07.2015 Views

KVU E39 Aksdal–Bergen hovedrapport juni 2010 - Statens vegvesen

KVU E39 Aksdal–Bergen hovedrapport juni 2010 - Statens vegvesen

KVU E39 Aksdal–Bergen hovedrapport juni 2010 - Statens vegvesen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

<strong>E39</strong> Aksdal-Bergen. Konseptvalutgreiing4 MålKapitlet inneheld mål for verknader av prosjektet på to nivå: samfunnsmål og effektmål.Samfunnsmålet er knytt til prosjektet sin verknad på samfunnet medan effektmåla skal syne denkonkrete verknaden som prosjektet vil ha for brukarane.4.1 SamfunnsmålSamfunnsmålet er formulert ut frå kva for ei samfunnsutvikling transportsystemet skal bygge oppunder. Med utgangspunkt i behovsanalysen kan ein seie at transportsystemet i korridoren Aksdal –Bergen må bygge opp under ei samfunnsutvikling der dei tre definerte regionane i prosjektet sineinfluensområde blir best muleg integrerte som felles bu‐ og arbeidsmarknadsregionar.Som nemnt, er strekninga Aksdal‐Bergen eit ledd i den regionale transportkorridoren Stavanger‐Bergenog den nasjonale transportkorridoren Stavanger‐Bergen‐Ålesund‐Trondheim. Nasjonale, regionaleog lokale myndigheiter sine behov peiker alle i retning av at transportsystemet må leggje til rette forregional utvikling.Ut frå dette er det gitt samfunnsmål:Haugalandet og Sunnhordland skal i 2040 vere tidsmessig knytt nærare saman med Midthordland.Stavanger‐ og Bergensområdet skal i 2040 vere tidsmessig knytt nærare saman.Dette samfunn måler vi gjennom kva reisetid vi oppnår i dei ulike konsepta. 2040 er brukt somstandard samanlikningsår i konseptvalutgreiingane som vert utarbeidde no.4.2 EffektmålKva konkrete verknader bør tiltaka ha for brukarane, hovudsakleg dei primære interessentane – kvamå suksesskriteria vere?Reduserte avstandskostnader mellom regionane og mellom Stavanger‐ og Bergensområdet:Avstandskostnadene mellom Stord (Valvatnavågen) og Bergen (Rådal/Nesttun) skalreduserast med 40 % for lette køyretøy.Avstandskostnadene mellom Aksdal og Bergen sentrum (Rådal/Nesttun) skal reduserastmed 40 % for tunge køyretøy.Avstandskostnadar er då definert som summen av reisetid, køyrekostnadar, ferjekostnadar mv. (menikkje bompengar, då det er ei førebels utgift).Strekninga Stavanger‐Bergen er i fleire samanhengar samanlikna med strekninga Oslo ‐ Lillehammer.Med dei effektmåla vi har sett her blir differansen i avstandskostnader mellom dei to strekninganeliten. Vi føreset då at Rogfast er bygt.Utvikling av transportsystemet aleine gjev ingen garanti for regional utvikling, men eit godt og velfungerande transportsystem er som oftast ein føresetnad for slik utvikling. Dess fleire som kan nåarbeidsplassar, skule, regionale sentra, dess meir sannsynleg er det at regional utvikling kan finne stad.I kva grad konsepta kan bidra med slik utvikling i prosjektområdet kan vi til dømes måle gjennom tal26

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!