11.07.2015 Views

KVU E39 Aksdal–Bergen hovedrapport juni 2010 - Statens vegvesen

KVU E39 Aksdal–Bergen hovedrapport juni 2010 - Statens vegvesen

KVU E39 Aksdal–Bergen hovedrapport juni 2010 - Statens vegvesen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

<strong>E39</strong> Aksdal-Bergen. Konseptvalutgreiing8.4 Ikkje-prissette verknaderDei ikkje‐prissette verknadene av konsepta er vurderte for deltema landskapsbilete, nærmiljø ogfriluftsliv, naturmiljø, kulturmiljø og naturressursar. Skildring av konfliktnivå har tatt utgangspunkt iteljing av verdifulle førekomstar innafor ein buffer på 1 km til kvar side for teoretisk vegline.Den geografiske avgrensinga av influensområdet for konsepta tar utgangspunkt i arealbehov knytt tilplasseringa av vegen. På dette plannivået er det stor uvisse omkring konkret plassering av vegline,derfor er det valt ein buffer med breidde 1 km til kvar side for teoretisk vegline. Der det er opplagt atdet må vere tunnel av ei viss lengde, er dette lagt inn (eks. undersjøisk tunnel), der det kunne voretunnel, men valet er meir usikkert, er det lagt inn veg i dagen. Vurdering omkring plassering ogutforming av vegen er på dette utgreiingsnivået for usikkert til å gjere alle val omkring utforming/tunnel/tunnellengd m v.Med utgangspunkt i ei teoretisk veglinje, er det laga ein buffer (korridor) på 1 kilometer på kvar side.Deretter er dei ulike undertema klippa mot bufferlaget. Dette har gitt resultat i form av råka arealeller tal på førekomst. Det kan vere verdt å merke seg at det ikkje er teke omsyn til om undertemaligg i ytterkant av bufferen, eller om undertema ligg i nærleik av den teoretiske veglinja. Så lengeundertema ligg innanfor bufferlaget, vart dei omtalte som råka førekomst. Det er gjort ei teljing avareal eller tal på førekomst.LandskapMetoden som er nytta er for å rangere konsepta er i hovudsak basert på ei kvantitativ vekting avlandskapsområde, der den kvalitative vurderinga er gjort ved verdisetting av landskapstypar. Konseptutbetring (K2) som i hovudsak ligg i regionen ”Ytre fjordbygder”, har lågast konfliktnivå. Ytre konsept(K3) som ligg i den sårbare regionen ”Kystbygdene på Vestlandet”, har høgst konfliktnivå; her vert eitstort tal ulike landskapstypar råka av konseptet.Nærmiljø/friluftslivDet er tatt med undertema bygningar (tal), regionalt viktige friluftsområde (areal), statleg sikra friområde(areal) og strandsone (km). Ein reknar at riksveg i nærleiken til mange bygningar gir eituttrykk for negativ verknad på nærmiljø, medan råka areal friluftsområde/friområde og råka strandsonegir uttrykk for negativ verknad på friluftsliv. Busetnaden er i dag konsentrert langs eksisterandeveg, og konsept 2 vil gi negativ verknad for nærmiljø. Friluftsområde/friområde ligg lengre frå dagens<strong>E39</strong> og vil ikkje verta råka i særleg grad av konsept 2. Ytre konsept (K3) råker mykje areal av regionaltviktige og statleg sikra friluftsområde, i tillegg vert mykje strandsone råka (tilgang til strandsona erviktig for friluftsliv). Midtre konsept (K4) råkar bygningar i større grad enn indre konsept (K5) gjer. Forfriluftsområde er det ikkje veldig stor skilnad på midtre (K4) og indre konsept (K5). Samla sett gjerkonsept utbetring (K2) minst negativ verknad for nærmiljø/ friluftsliv.NaturmiljøDet er henta inn data for verna område og verna objekt, naturtypar, vilt, trua/sårbare artar oginngrepsfrie område. Ytre konsept (K3) råkar fleire viktige viltområde, eit naturreservat og eit vernavassdrag i Fitjar. I Austevoll vert det innafor buffer svært mange konfliktar med viktige naturtypar.For naturmiljø har dette konseptet størst konfliktpotensiale.Minst konflikt ser det ut til å verte med konsept utbetring (K2). Registrerte naturkvalitetar ligg i storgrad så langt frå dagens veg at det ikkje kan reknast som konflikt med utbetring langs dagens veg.Av dei to variantane av midtre konsept (K4) er 4A klart betre enn 4C. Det er særleg over Reksteren ogpå øyane vest for Halhjem at det er stort konfliktpotensial for tema naturmiljø, det er både konflikt50

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!