12.07.2015 Views

evaluering - Hordaland fylkeskommune

evaluering - Hordaland fylkeskommune

evaluering - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

DROSJER OG DROSJELØYVE I BERGENSREGIONENSamanlikna med 1998, forrige gong det vart gjennomført ei spørjeundersøking om drosjebruk i befolkninga (dengongen berre for Bergen), har det vore ein nedgang i andelen av befolkninga i Bergen som har reist med drosjeden siste månaden (kap. 5.5.2).Vel halvparten av drosjebrukarane oppgjev at dei er fornøgd med ventetida på drosje (bestilt til henteadresse) pådagtid, medan andelen som er fornøgd med ventetida natt til laurdag og søndag er ein god del lågare. Heile 9 %av dei spurde har dei siste 4 vekene latt vere å ta drosje fordi dei ikkje fekk tak i drosje (kap. 5.5.2).Talet på køyreoppdrag totalt er nokså stabilt over tid, og har dei siste åra gått litt ned. Ut frå tilgjengelegstatistikk har vi ikkje haldepunkt for å seie verken at nedgangen i talet på køyreoppdrag har snudd i 2006/ 2007,eller at den fortsetter (kap. 5.5.1).Det har vore ein markert nedgang i talet på praieturar/ turar frå haldeplass dei siste åra, men ein auke i talet påbestillingsturar (kap. 5.5.1).Drosjetilbodet på Askøy er noko dårlegare enn i Bergen. Årsaker til dette er låg lønsemd, lange avstandar og atdet kan vere vanskeleg å finne fram (kap. 5.6).1.2 Konklusjon og tilråding• Informasjon som er lagt fram i <strong>evaluering</strong>a tyder på at der ikkje er eit udekka behov for drosjetenester iBergensområdet samla. Etterspurnaden etter drosjetenester frå befolkninga (bestillings- og ”praieturar”)har ikkje auka dei siste åra og det er lite som tyder på at den snarleg vil ta seg mykje opp. Utnyttinga avløyva synest å vere noko låg, og ein bør vurdere om det er mogleg å utnytte dei betre. Samstundes errekrutteringa av drosjesjåførar eit problem for mange drosjeeigarar. Ut frå dette er det ikkje grunnlagfor å tilrå ei generell oppjustering av talet på drosjeløyve i Bergensområdet no.• Informasjon om marknads- og rekrutteringssituasjonen og om løyveutnyttinga gjev ikkje i seg sjølvgrunnlag for å tilrå ei generell oppjustering av løyvetalet. Det kan likevel vurderast om ei avgrensa,eingongs oppjustering av løyvetalet kan nyttast som eit verkemiddel for å oppnå denkonkurransesituasjonen og det forholdet mellom konkurrerande sentralar som ein ønskjer. Utrekninganei kap. 4.4, der det vert vist korleis ein kan justere løyvetalet slik at det kjem opp på eit nivå som kanseiast å vere ”normalt” for Bergensområdet, kan sjåast på som ei øvre grense for kor stor ei slikoppjustering bør vere. Sjå også kap 7.2.• Eit mogleg tiltak for å oppnå det forholdet mellom konkurrerande sentralar som styresmaktene meinerer tenleg, er å innføre reglar for overgang mellom sentralane, saman med ei maksimalgrense for kor stordel av den totale løyveporteføljen ein sentral kan ha (sjå kap. 6.3).4

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!