12.07.2015 Views

evaluering - Hordaland fylkeskommune

evaluering - Hordaland fylkeskommune

evaluering - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Analyse, utgreiing og dokumentasjon januar 20085.7 Er tal løyve i Bergensområdet passande ?I dette kapittelet har vi sett nærare på etterspurnaden i marknaden, trafikkutvikling, kor mykje løyva blir utnyttaog lønsemda i næringa for om mogleg å få eit betre grunnlag for å vurdere om tal løyve i Bergensområdet er påeit passande nivå eller ikkje.Befolkningsundersøkinga viser at 9 % av befolkninga i Bergensområdet har lete vere å ta drosje dei siste firevekene fordi dei ikkje har fått tak i drosje. Problema med å få tak i drosje er størst på kvelds- og nattestid, og påAskøy. Om lag ein tredel av befolkninga har teke drosje dei siste 4 vekene. Dersom vi berre ser på Bergen er detein nedgang i drosjebruken på 10 prosent samanlikna med 1998. Ut frå tilgjengelege tal er talet på køyreoppdragnokolunde stabilt over tid, praieturane har gått markert ned, medan bestillingsturar har auka moderat. Når detgjeld faste oppdrag, har det vore ein auke i pasientkøyringa for Helse Bergen sidan 2006 og i skolekøyringa fråog med 2003. Biletet er difor ikkje eintydig når det gjeld utviklinga i etterspurnaden etter drosjetenester og kanisolert sett ikkje nyttast som argument for å auke tal løyve.I følgje drosjeeigarane og drosjesjåførane har framkomelegheita i trafikken blitt dårlegare dei siste åra, men deter uklart kor mange og kva strekningar, kor stort område, og kor stor del av dagen dette gjeld. Dengjennomsnittlege køyretida for ein drosjetur mellom Flesland flyplass og Loddefjord/Vestkanten i rushtida harauka monaleg dei siste åra. For strekninga Flesland flyplass –Sentrum er ikkje auken like eintydig, men dataenetyder på at det over tid har vore ein auke i køyretida i rushtida også her (sjå kap. 5.2).Ifølgje drosjesentralane blir løyva langt på veg utnytta godt nok i høve til kor stor del av bilane som er på vegen idei periodane dei har køyreplikt. Dei to største sentralane ser det ikkje som praktisk mogleg at bilane er på vegenmeir enn 70 – 80 % av tida. Drosjeeigarane sjølve meiner at den bør vere enda høgare. I følgjespørjeundersøkinga blant drosjeeigarane er i gjennomsnitt 68 % av bilane med hovudløyve og 59 % av bilanemed reserveløyve i drift meir enn 80 % av tida. Den viktigaste grunnen til at ikkje ein større andel av bilane er idrift på desse tidspunkta ser ut til å vere problem med å bemanne løyva, spesielt reserveløyva i helgene.Trafikkdata frå sentralane tyder på at sjølv i rushtida er ikkje meir enn 70 % av bilane i drift og berre rundt 50 %store deler av veka elles (sjå kap. 5.3.1 Løyveutnytting). Løyveutnyttinga er såleis noko lågare enn det sentralanesjølve og mange av dei spurde drosjeeigarane oppgjev som eit ønskt eller rimeleg nivå (jfr. kap. 5.3.7).Samstundes ser det ut til at begge dei sentralane som har levert statistikk (Bergen Taxi og Norgestaxi) lukkastbra med å få til ei høgare løyveutnytting på dei tidene det er særleg behov for god drosjekapasitet.Eit anna mål, løyveeffektiviteten (% av løyva/ bilane som er opptekne eller i nødvendig pause) seier noko om kormykje bilane faktisk er opptekne med køyring (sjå kap. 5.3.2). Dette gjeld 40 – 50 % av bilane i rushtida ogrundt 30 % elles i veka. Vi kan stille spørsmålet om ikkje ein løyveeffektivitet på 30-50 % av drosjebilparken ernoko låg, sidan det trass alt gjeld bilar som for ein stor del er nokså nye, av ein høg standard og har kosta storesummar i innkjøp.65

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!