12.07.2015 Views

evaluering - Hordaland fylkeskommune

evaluering - Hordaland fylkeskommune

evaluering - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

DROSJER OG DROSJELØYVE I BERGENSREGIONENI intervjua med drosjesentralane blir det trekt fram tre faktorar som kan forklare det dårlege drosjetilbodet påAskøy og i Sund. Den første og viktigaste faktoren er at det er for lite lønsamt å bli ståande på Askøy eller påSund etter at eit oppdrag er utført. Det er for lenge mellom turane. Bilane trekkjer mot Loddefjord eller Sentrum,fordi dei veit at det er meir pengar å tene der. Når folk ringjer etter drosje, kjem det som regel ikkje nokon bil ogdei må ordne seg på annan måte. Problemet er størst på kveld-/nattestid når det er liten etterspurnad etter drosje,men også på dagtid.”I dag er det svært varierende drosjetilbud på Askøy. Svært mange av våre drosjeeiere på Askøy har "egne" kunder som blirbetjent, samt at enkelte av løyvehaverne kjører i Bergensregionen. Dette medfører at Askøy har et "tilfeldig" drosjetilbud.Ofte må sentralen hente biler fra Loddefjord holdeplass til Askøy, dette er ikke så populært og ofte vanskelig å få til."(Norgestaxi).Lange avstandar er den andre forklaringsfaktoren. Drosjesjåførane synest å kvi seg for å ta turar i desse områda.Når passasjerane må vente lenge, resulterer bestillingane ofte i bomturar.For det tredje har Askøy ei ekstra utfordring fordi det også er vanskeleg å finne fram der. Alle bustadene harikkje eigen gateadresse. Drosjesjåføren må difor vere lommekjend for å forstå kor han skal køyre hen.5.6.1 KøyreområdeDet området som flest drosjeeigarar og drosjesjåførar køyrer i, er til/frå Flesland (74 %). Deretter følgjerSentrum (63 %) og Fana (40 %) (sjå Figur 5-30). Det betyr at ein stor andel av drosjane til eikvar tid er å finne iområdet Flesland – Fana - Sentrum. Då er avstanden til Askøy og Sotra stor.På spørsmål om i kva tilfelle drosjesjåførane brukte NEI- knappen, svarte 70 % at dei brukte den når turen varlangt vekke.I høve til problemstillingane på Askøy og i Sund, så er det ikkje turen i seg sjølv som er for lite lønsam, det eravstandane som skapar problem. I trafikksvake periodar er det ikkje rekningssvarande å bli ståande på Askøyeller i Sund. Etter endt oppdrag må dei difor vende tilbake til Sentrum eller ein av bydelane.62

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!