12.07.2015 Views

evaluering - Hordaland fylkeskommune

evaluering - Hordaland fylkeskommune

evaluering - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

DROSJER OG DROSJELØYVE I BERGENSREGIONENNorgestaxi meiner dette hemmar konkurransen i og med at det berre er ein sentral som har nok kapasitet til ålevere anbod både til Helse Bergen, <strong>fylkeskommune</strong>n, kommunen og private bedrifter.” I dag er den største drosjebilsentralen dobbelt så stor som de øvrige to konkurrenter. Dette medfører betydelige fordeler,da tilgjengelighet og rask responstid er viktige faktorer innen drosjenæringen. Innenfor offentlig kjøp av drosjetjenester erdet nærmest en monopolsituasjon. I dag er det slik at fra en aktør søker om løyver til løyvetildeling er det et tidsestimat på1/2 - 1 år. Dermed kan ikke en sentral være konkurransedyktig uten at den på forhånd har nødvendig løyveportefølje for åkunne utføre kontraktsoppdraget” (Norgestaxi).Taxi 1 registrerer at dei andre aktørane har eit stort fortrinn i anbodskøyringa i kraft av storleiken sin – både ismå og store anbod – og kan ta nesten kva dei vil fordi dei har kapasitet. Taxi 1 må ned i pris – ofte uhøvesvistlangt ned – for å vinne eit anbod.Både Norgestaxi og Taxi 1 har med andre ord ønske om å bli større. Taxi 1 understrekar at dei ikkje harambisjonar om å bli størst. Dei synest likevel ei tredeling av marknaden hadde er vegen å gå. Uansett ønskjer deiå disponere minimum 23 % av den totale løyveporteføljen. Dette har bakgrunn i eit vedtak i fylkesutvalet (FUsak333/00) om fastsetjing av eit minimumstal løyve for dei to eksisterande sentralane. Norgestaxi skulle etterdette ha minimum 23 % av dei tildelte løyva. Taxi 1 forventa difor at det same ville gjelde for dei når deietablerte seg i marknaden.Det er visse ulemper knytt til slike minimumsgarantiar. Konkurransetilsynet seier i brev av 21.09.07 at dersomsentralar får garanti om å behalde eit visst tal løyve eller ein viss prosentdel av tildelte løyve, kan dette forhindrekonkurranse fordi effektive selskap blir forhindra i å vekse, mens ineffektive selskap ikkje misser sin posisjon imarknaden. Dette vil særleg vere problematisk dersom <strong>fylkeskommune</strong>n ikkje utsteder nye løyve. Dersom einønskjer å ha ei viss styring på utviklinga, tilrår Konkurransetilsynet at ein istaden innfører ei maksimalgrense fortal løyve knytt til ein bestemt sentral. Dette kan hindre at ein sentral får ein for dominerande posisjon imarknaden.. Når nye løyve blir tildelt, vil ein aktør som har nådd denne grensa, ikkje få fleire løyve.På bakgrunn av dette kan det synest rimeleg å arbeide for større likskap mellom sentralane når det gjeld tal løyveog leggje til rette for at dette blir mogleg. Samstundes bør det setjast ei maksimalgrense for kor mange løyveeller kor stor del av den totale løyveporteføljen ein sentral kan ha.6.3 Omfordeling av løyveKonkurransetilsynet har i brev av 21.09.07 uttalt at ein føresetnad for at konkurransen i drosjenæringa skalfungere er at det blir tildelt nye løyve eller at løyvehavarar relativt enkelt kan bytte sentral.Praksis fram til no har vore at dei to minste sentralane har søkt om nye løyve etter behov. I dei fleste sakene haradministrasjonen frårådd tildeling av fleire løyve, fordi søknadene har vore basert på eit behov for å ekspandereog delta i anbodskonkurransar, og ikkje vore grunngjeve med utgangspunkt i eit udekka behov i marknaden.Politikarane har likevel innvilga fleire løyve basert på skjønn. Dette har også skjedd i fleire andre norskestorbyar (jfr. Econ sin rapport). Det har blitt sett på som naudsynt å tildele nye sentralar eit tilstrekkeleg tal nyeløyve for å kunne konkurrere med eksisterande sentralar som nyt godt av stordriftsfordelar og nettverkseffektar.70

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!