16.11.2016 Views

Unikum 9 - 2016 (november)

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Kvardagstankar om

Kjærleikens kraft

Kjærleik er utan tvil ein viktig del av oss menneske. Opplevinga av å elske,

og kjensla av å vere elska. Kjærleiken er drivkrafta i liva våre. Dei aller fleste

filmane me ser omhandlar eit kjærleiksforhold, likesom romanane me les.

Også moderne musikk og songtekstar er gjennomsyra av romanse og begjær.

Me sluker kjærleik. Det rører oss. Det bevegar oss. Gjennom menneskas

historie har diktarar, kunstnarar og musikarar prøvd å framstille kjærleikens

essens. Hemmelegheiter og mirakel, som aldri går av moten. Forbode kjærleik.

Kjærleikssorg. Og kjærleik som ei altomfattande kraft i den verda me lever

i. Men kva er denne kjensla, denne krafta? Og korleis fungerer kjærleik som

objekt i eit avisinnlegg?

Kjærleik som fenomen er vanskeleg å definere presist og objektivt, kanskje fordi

kjærleiken ikkje er presis og ei heller objektiv. Likevel har veldig mange flinke

menneske prøvd å beskrive kva kjærleik er. Wikipedia er ambisiøse som alltid

og går fort fram med ei uunnverleg sanning: «Kjærlighet er en menneskelig

følelse, vanligvis rettet mot et annet menneske.» Det pleier ikkje å vere lett å

arrestere Wikipedia på presisjon. Likevel finn eg ordet «menneskelig» nokså

overflødig. For kjærleik til andre, særleg til eigne born og til make, er ikkje berre

tildelt menneska. Eg såg ein gong eit naturprogram om ein paddefar som redda

sine sædcelleliknande småtassar frå ein drukningsulukke. Det er kjærleik! Ja,

kjærleik må da vere noko meir enn ei menneskeleg kjensle? Hjå store diktarar

visar kjærleiken seg ofte som noko meir. Hamsun skreiv at kjærleiken vart

verdas opphav og verdas herskar, E. E. Cummings skreiv at kjærleiken var før

sola og meir evigvarande enn alle stjerner, eit håp utan motstykke i frykt. Og

kanskje den største av alle filosofer, Idol-finalist Gaute Ormåsen, summerer

det heile opp med den djuptgripande aforismen: «Kjærlighet er mer enn

forelskelse.»

Eg har ein gong høyrt at kjærleiken er det eine motiv som styrer alle handlingar.

At det er kjærleiken som får oss til å stå opp om morgonen. At det er kjærleiken

som driv oss inn på dunkande nattklubbar i helgene. Og da er det er vel kjærleik

som får nokre menneske til å tisse i offentlege dusjar, eller drikke av kollektivets

juice rett frå kartongen? Ja, me elskar alle oss sjølv. Og me fortener kanskje ei

lita sjølvløn i dette endelause tilværet av plikter og omtanke. Så er det vel med

kjærleik i sinnet at parkeringsvakta overser alt som heiter skjønn og tvingar

meg til å bøte for min syndige fem minuttars feilberekning? Joda, kanskje han

elskar sin kvardag og sin funksjon i samfunnsmaskineriet. MEN! Kan nokon, i

kjærleikens namn, styre eit fly over eit framandt land, sleppe ned eit nyutvikla

masseøydeleggingsvåpen, drepe titusenvis av sivile menneske og leggje storbyar

i ruinar? Jada, det kan nokon. Kanskje det var for noko større. Kanskje det var

for fred og harmoni. Kanskje det var for å ryste eit system som systematisk trua

pilotens eige fedreland og alt det gode som kunne ha vore. Kanskje det var for

kjærleiken.

Så kanskje er kjærleiken, i overført tyding, verdas herskar. Men herskaren er

ikkje suveren. Likesom vår eigen monark, er kjærleiken ein passiv fyrste. Eit

symbol på alt det som foreinar oss og held oss saman. For skulen har jo lært

oss at det er me, folket, som sit med makta. Åleine som individ, og saman som

gruppe. For uansett om kjærleiken herskar eller ikkje, så er det me som må

utøve denne veldige krafta. Og korleis gjer me det?

Nyheiter. Underhalding. Treningssenter. Asfalt. Pengar. Reklame. Politikk.

Mobiltelefon. Utdanning.

Tekst: Franz Rose Bengtson

Kvar er kjærleiken i det?

Nyheitene pumper jo berre

ut elende. Elende og drit.

Filma, avbilda og drøfta frå

ulike vinklar og perspektiv.

Aldri noko vakkert. Aldri noko

hyggeleg. Aldri kjærleik. Asfalt

er ikkje kjærleik, reklame er

ikkje kjærleik. Heller ikkje

Tinder, treningssenter, bilar

eller fotballsko. Alle desse tinga

som omgjev oss. Dei er berre til,

dei er fornuft og dei er verda me

lev i, men dei er sjeldan fulle

av kjærleik. Kva så med krig,

valdtekter, svindel og drap?

Det må vere noko anna. Me

kallar det vondskap, heslegheit,

eller hat. Hat er sterkt. Sjølve

motpolen til fenomenet som eg

allereie har nemnt 34 gonger i

dette ambisiøse avisinnlegget.

Men kva om hat berre er mangel på kjærleik? Slik som kulde berre er mangel

på varme. Kulde har ikkje nokon kjelde. Kulde er berre er eit utgangspunkt.

Realistane meiner at 273,15 minusgrader må vere det absolutte nullpunkt. Ingen

varme. Finnes det eit slikt nullpunkt for kjærleik også? Eit absolutt hatpunkt?

Om det er tilfelle, så er min single sjel 50 gradar og lunken. Ein mor som held

sitt barn for fyrste gong må vere rykande varm og 90 gradar. Ein one night stand

kan ikkje vere meir enn 37 gradar. Bombinga av Hiroshima gav ein heil verd

frysingar med 30 minusgradar. Og eg tør ikkje eingong tenkje på korleis dette

absolutte hatpunkt hadde vist seg i ei menneskeleg handling. Viktigare er det vel

at ei ungdomsforelsking kunne ha smelta jern med 1500 gradar.

Korleis pratar me om kjærleik? Me pratar vel sjeldan om kjærleik til menneske

me ikkje kjenner. Og kanskje ikkje så altfor ofte med folk me kjenner heller. Eg

spør iallfall sjeldan kameraten min om kjærleiken han føler for sin kjæraste. Og

eg spør ikkje min far om korleis han vil definere kjærleik. Me pratar med venar

om sex og sladder og felles interesser, og me pratar med fedrar om utdanning

og nyheiter, eventuelt pengar. Men me følger også venane våre gjennom bergog-dal-banar

av kjensler. Sjalusi, romantiske sydenturar og konfliktar. Og me

kan diskutere musikk med kvarandre. «Veit du kvifor eg elskar dette albumet?»

Me kan sitje på nachspiel og kanskje nærme oss 80 grader på kjærleikskalaen,

berre for eit musikkalbum! Eg er også sikker på at nokon kan føle eit sterkare

kjærleiksband til ein engelsk fotballklubb, enn til sin eigen kjæraste. Så innhaldet

i nære samtaler grensar nesten utelukkande mot kjærleik. Me brenner for ting.

Enten det er parforhold eller songtekster det går i. Me brukar berre ikkje ordet

kjærleik, det er følsamt lada. Det er klissete og upassande.

Ja, følsamt er det. Og klissete? Kanskje ved 37 grader. Men upassande kan

det da ikkje vere? Kjærleiken omringar oss. Me er vorte til av kjærleiken. Og

kjærleiken driv oss framover. Det er vår alles felles interesse. I større eller

mindre grad. Me er jo kjærleik. Av og til brennheite. Av og til kalde og lukka.

Kjærleiken er mangesidig. Den viser seg i det konkrete, i tinga og i kvardagen.

Den er det universelle og kosmiske. Og sjølv om den er umogeleg å begripe,

så kan den definerast, beskrivast, skildrast, drøftast og dyrkast. Til og med i et

avisinnlegg. Det er vakkert. Det er kjærleik.

12 Kjærlighet

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!