16.11.2016 Views

Unikum 9 - 2016 (november)

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Isar. Eg fekk velje mellom tre ganske like leilegheiter på 20 kvadratmeter

i loftsetasjen (5. etasje). Ei av dei var vendt mot gata med støy frå trikk og

bilar, og dei andre mot den stille bakgarden. Eg valde å slå til med ein av

dei bak. Alle romma i etasjen var under oppussing.

30. september kom eg tilbake til München. Eg greidde å drasse med begge

dei store, tunge koffertane sjølv i lokaltoget (S-Bahn) frå flyplassen til

hotellet, der eg skulle vere for ei natt. På kvelden gjekk eg til Theresienwiese

for å sjå kva Oktoberfest eigentleg var for noko. Det er gratis og ganske lett

å kome inn der. Det overraska meg litt kor mange folk det faktisk var der.

Eg måtte passe på å gå nesten heile tida for at ikkje forbipasserande skulle

kollidere med meg. Det var mykje tivoli og mange salsbodar for brente

nøtter og iskrem. Eg kjøpte litt frå desse bodane, men eg gjekk ikkje inn

i ølteltet, for der såg det fullt ut. Eg drakk ikkje noko øl på festen, men

gjorde det i staden på hotellet som eg sov på, saman med ein god snitsel.

1. oktober møtte eg fadderen min, ein masteroppgåveskrivande kar frå

ein landsby litt sør for München. Han hjelpte meg å bere den eine av

dei to koffertane inn i u-banen. Fadderen min gjekk faktisk i lêr-bukse

(Lederhose), fordi han skulle til fotballkamp rett etterpå, og oktoberfest

seinare.

Akkurat på same tid som eg flytta inn, blei det aller siste montert på badet,

og fjernsyn og bordansette blei sett på plass oppå kommoden. Det er eit

stort trebord, ei seng, to plaststolar og eit klesskåp i stovedelen av rommet.

Kjøkkenkroken ved inngangen har kjøleskåp, vask og to elektriske

kokeplater. Badet på den andre sida av inngangsdøra har do, vask og dusj.

Oppvarming skjer med radiator. Veggane er kvite, så kanskje skaffar eg

meg ein projektor til å sjå film med på ein av dei. Eg kan ikkje klage.

Tilbake til 90-talet

Det var mange praktiske ting å ordne. Eg måtte registrere tilflytting i

München hos Kreisverwaltungsreferat (som tilsvarar omtrent fylkesadministrasjon

i Noreg). Der måtte eg vente i over to timar mens eg las i ei

lærebok, berre fordi at ein tenestemann skulle fylle inn informasjon frå

papirskjemaet mitt og passet mitt inn i ei datamaskin. Kjære Tyskland!

I Noreg kan flyttemelding bli gjort med elektronisk skjema på Internett.

Ingen treng å vente. Korfor kan ikkje dei gjere det same?

Elles måtte eg opprette bankkonto, for å sleppe gebyr ved overføring av

pengar frå Noreg til Tyskland ved kvar betaling av husleige. Det viste seg

at mange bankar no kravde eit månadsgebyr for vanleg girokonto, viss

ein ikkje hadde ei minsteinntekt kvar månad. Dette er nyleg innført for

å dekke tapet som bankane har med låg rente. Slike gebyr har vi ikkje i

Noreg, så vidt eg veit. Eg fann ein bank som ikkje hadde slike gebyr, men

der måtte eg ha tysk telefonnummer for å registrere meg. Eg fekk tysk

SIM-kort frå det internasjonale kontoret hos TUM.

Kontantar lever enno ganske bra i Tyskland. Mange kaféar godtar ikkje

kort i det heile tatt. Enkelte av dei godtar berre EC-kort, som er eit tysk

debetkort. Eg har fått eit slikt frå den tyske banken min no. I daglegvarehandelen

og i elektrobutikkar kan ein betale med kort, også norske, så eg

vil nok betale med kort når eg kan framover, og med kontantar når eg må.

München er ein millionby, men kjennest likevel liten, fordi dei fleste

bygningane ikkje er høgare enn seks etasjar, og mange bur i forstadane.

Byen har eit godt kollektivtrafikksystem med forstadstog (S-Bahn),

undergrunnstog (U-Bahn), trikk (Tram) og buss. Eg kan kome til

universitetet med U-Bahn på eit kvarter viss eg reiser i undergrunnen.

Nær den grøne skogen

Eg bur som nemnt i bydelen Giesing, og rett ved er det fine turområde

langs elva Isar, som i oktober ikkje var så mykje breiare enn ein av dei

store bekkane i heimbygda mi. Vatnet såg ut til å liggje lågt, og eg kunne

gå rundt på dei runde, kvite småsteinane der eg trur det renn vatn når det

regnar om hausten og snøen smeltar om våren.

Viss ein tar U-Bahn eller trikk sørover, kjem ein til skogområda Perlacher

Forst og Grünwalder Forst. Der har eg tatt fleire lange og fine turar. Det

er ein stor, menneskeskapt jordhaug midt i der som heiter Perlacher

Mugl, der ein kan sjå overraskande langt, heilt til Alpane på klare dagar.

I området er det også ein dyrepark og ein filmstudiopark, som ein kan

besøke.

Vorlesungen og lectures

Eg har halvparten av forelesingane mine på tysk, og resten på engelsk. Det

går bra å følgje med på orda som blir sagt på begge språka for meg, men

det er eit par av faga som er ganske matematiske, og eg har ikkje arbeidd

skikkeleg med matematikk sidan eg avslutta min mastergrad i IKT i 2013.

Eg måtte derfor repetere ting, og delvis også lære nokre ting for første

gong i matematisk økonomi, som industriell økonomi i Grimstad ikkje har

fått med i pensum.

Forelesarane som eg har hatt hos TUM er veldig flinke til å gjere oss

studentar engasjerte i faga sine. Dei verkar alltid å vere engasjerte og i

godt humør. Viss vi studentar likevel slit med å følgje med, får vi lyst til å

lese opp til neste gong, slik at vi følgjer betre med då. Det gjer i alle fall eg.

Eg har litt kollisjon på timeplanen, men det er ikkje noko stort problem,

for mange av forelesingane blir tatt opp på video, som vi kan sjå på

ettermiddagen, akkurat som med fleire fag på UiA.

TUM har enno ikkje kome til å prøve ut bruk av datamaskiner på eksamen,

slik som ein gjer i mange fag på UiA. Det verkar ikkje som om dei stolar på

at slike system kan fungere.

Frå Unikum til Unikat

Eg har møtt folka hos Unikat, som er studentavisa i München, og er felles

avis for Ludwig-Maximillian-universitetet (LMU) og TUM. Unikat starta på

papir i 2009, men er i dag berre på nett (unikatmuc.de). Dei promoterer

seg sjølve på sosiale medium, og dei skriv alt på tysk. I motsetnad til i

Unikum, så er alle leiarstillingane hos Unikat frivillige, og budsjettet ser

ut til å vere ein god del lågare. Dei får ikkje støtte frå studentsamskipnad

eller universitet. Unikat-medlemmane tykte det var moro å ha ein

namnehalvbror, utanom forskjellane eg har nemnt, så er avisene ganske

like kvarandre. Ei tyskspråkleg utgåve av denne teksten kjem til å kome

på nettstaden deira.

Eg er spent på tida framover. Eg prøver å balansere studium og fritid. Eg

håper på å seinare kunne fortelje meir om det som eg opplever her i den

spennande «storlandsbyen» München.

NOVEMBEr 2016 unikum nr 9 17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!