10.02.2020 Views

Unikum februar 2020

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Gjenoppdaginga av ei arv

Kristoffer Liland

Skribent

For tvo år sida om du hadde spurd meg om mi

arv og min identitet, ville eg nok svart noko i

retning av mest norsk, men med litt italiensk,

litt skotsk og kanskje litt samisk. Lite visste eg

då korleis mitt sjølvbilete og min identitet ville

bli snudd på hovudet innan eit år var omme.

Grunnen til denne endringa er knytta til ei

gjenoppdaging av kor vår familie stammar

frå, og ei grufull historie om diskriminering,

rasisme, undertrykking og kulturelt folkemord

i Noreg sine siste tvo hundre år.

Eg er same. Samane si historie i Skandinavia, Finland

og Russland har skapt ein mørk bakgrunn der

det å vere same blei uglesett og utsatt for ekstreme

former for institusjonell rasisme, overgrep og

kulturelt folkemord gjennom det som ofte blir kalla

for “Fornorskingsprosessen”. Samane vart fråtatt

sine born, dei vart sendt på kostskuler der dei ikkje

fekk lov å prata sine språk eller utøva sin kultur,

eller dei vart satt i fosterheim hjå norske familiar.

Deira menn blei tvangssterilisert av deira legar so

langt som ut på midten av 80-talet, og samane vert

til dags dato fortsatt utsatt for rasisme og diskriminering

i samfunnet og arbeidslivet. Når ein forstår

dette bakteppet kan ein også forstå korleis og kvifor

min familie mista sin kultur, sitt språk og si arv.

Mi oldemor laug om hennar bakgrunn mesteparten

av livet ho sitt. Me veit no meir om hennar

liv og fortid enn det ho kanskje nokon gong ville

vore nøgd med at me visste, og me trudde at det

var all familiehistoria me hadde blant samane.

Inntil for berre tvo år sida visste eg kun nokre

små bitar frå hennar liv. Ho skulle bli det samane

kallar “læsar”, og for å skildra det på ein

enklare måte enn det kanskje fortener å bli skildra;

ein læsar er ein form for lækjar i samisk

folkemedisin som gjerne gjeng i arv gjennom

familiar. Læsarar “lesar” og utøver tradisjonell

medisin slik som blodstopping, kopping, urter og

andre former for samisk medisinsk utøving.

Det som virkeleg byrja å endra tinganes tilstand

for meg var at dette viste seg å ikkje vere det

einaste me hadde av samisk slekt, ei heller vår

einaste tilknytning til det samiske folket. På min

far si side gjorde kusina mi nokre djupdykk i

arkivene og fann ut at tvo av mine tippoldeforeldre

der var samar og gjennom måten den var

registrert på at dei snakka samisk heime. Kort

etterpå fann kusina til min morfar ut vår tippoldefar

var samisk og snakka samisk heime. Gjennom

dette fekk morfar si kusine høve å skriva seg

inn i Valmantalet til Sametinget (populært kalla

Samemanntalet) som gjorde ho offisielt samisk

og gav ho rett til å stemma i val til Sametinget.

Her må eg klargjere noko veldig viktig. Det er ikkje

mengden av samiske slektsbånd ein har i slekta si

som bestemmer korvidt eg skulle vere samisk eller

ikkje. Om du har noko samisk arv i familien din so

er du av samisk slekt og ingen kan ta det vekk frå

deg eller måla deg på korvidt det er eller ikkje er

nok same i deg. For meg kjem det å bli samisk andre

årsaker til grunn. Det har vore mykje meir det

å forstå dei tunge, vanskelege stega mine forfedre

har måtte ta for å overleva og bli anerkjend i den

norske kulturen som praktiserte assimilering eller

straff mot det samiske folk i lang tid. Den smerten

og pinen, den kampen dei måtte ta har drivi meg

tilbake mot kulturen vår. Ved å æra og ta på meg

min samiske identitet ærar eg deira offer og kamp.

Dette året vil vere fyrste gong eg på eit djupt,

personleg nivå, vil feira Samenes Nasjonaldag

den 6. Februar. Med dette byjar vår familie

å ta tilbake det som vart stolet frå oss.

Lihkku beivviin! Gratulerar med dagen 6. februar!

FEBRUAR 2020 UNIKUM NR 2 17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!