26.04.2023 Views

Bibelgaven 2/2023

Magasin om Bibelselskapets internasjonale arbeid. Tema: Ett år med full krig i Ukraina

Magasin om Bibelselskapets internasjonale arbeid.
Tema: Ett år med full krig i Ukraina

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

BIBELGAVEN I UKRAINA

TEKST OG FOTO: BJØRN HÅKON HOVDE

Mannen til Katia blei

drepen i krigen. Saman

med fem barn klarte ho å

flykte frå bomberegnet i

byen Melitopol. Etter at

familien kom fram til

Lviv, blei eldstesonen

utsett for ei sykkelulykke,

og blinda på det

eine auget. Framleis er

han på sjukehus.

– No treng vi hjelp til alt,

seier Katia.

Dei hadde planlagt å

flykte ut av landet, men

på grunn av ulykka har

ho og barna stranda på

eit lite rom i pinsekyrkja

Golgata.

– Dei få gongene eg har

høve til å sjå fjernsyn,

ser eg at alt no handlar

om krigen. Det skjøner

eg at er viktig. Men ikkje

gløym dei som blir råka

av sjukdom eller ulykker

som ikkje er direkte

relaterte til krigshandlingane.

– Takk for at de kjem til

oss med Guds ord midt i

alt det vonde. Be for

oss, seier Katia.

Bohan (12 år) med den handikappa mor si, Yana og bestemor Marharyta i det vesle rommet i pinsekyrkja i Lviv.

Eitt år med full krig

24. februar var det eitt år sidan Russland gjekk til fullskala krig mot

nabolandet Ukraina. 5,4 millionar menneske er så langt drivne på

flukt. For mange av dei har kyrkjene blitt tilfluktsstader der dei har

funne ein fellesskap, og næring for både kropp og sjel.

I den vest-ukrainske byen Lviv møter vi den

eldre kvinna, Marharyta, den handikappa

dottera hennar, Yana med sonen Bohdan på

12 år.

– Utan naudhjelp hadde vi ikkje overlevd,

og utan trua hadde vi mista alt håp, fortel

Marharyta. Ho, dottera og sonen hennar, bur

på eit 10 kvadratmeter lite rom i pinsekyrkja

6

Bibelgaven I nummer 2 I 2023

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!