26.04.2023 Views

Bibelgaven 2/2023

Magasin om Bibelselskapets internasjonale arbeid. Tema: Ett år med full krig i Ukraina

Magasin om Bibelselskapets internasjonale arbeid.
Tema: Ett år med full krig i Ukraina

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Golgata, sør i den ukrainske byen Lviv, ikkje

langt frå grensa til Polen.

Sjølv om også Lviv har vore utsett for

bombeangrep, og elektrisiteten anten er

kutta eller rasjonert, opplevast det vesle

rommet med køyesenger på kvar langvegg

som ei trygg hamn.

– Under flukta frå Bakhmud klamra vi oss til

Gud, men først her i Lviv fekk vi kvar vår

bibel, fortel den eldre kvinna.

Naudhjelp og biblar

I byen Mukatsjevo driv pastor Tibor eit

arbeid for både lekam og sjel i kyrkja

«Levande Gud». I kyrkjekjellaren pakkar

flyktningen Yuri og frivillig medarbeidar

Valeriy klede og rasjonar til menneske på

flukt.

På kjøkkenet står Olga, Svetlana og Anna

ved grytene.

– Kvar dag kjem det meir enn 70 menneske

til kyrkja for å ete, det er både flyktningar

og heimlause, fortel pastor Tibor.

Han er ein god venn av Bibelselskapets

assisterande generalsekretær, Anatoliy

Raychynets, og har fleire gonger vore med

han på dei farefulle reisene til Aust-Ukraina.

– Ved fronten finst det ingen ateistar, seier

Anatoliy.

– Dei einaste gongene eg har opplevd at

ein soldat har takka nei til ein bibel, er når

vedkommande tilhøyrer islam eller ein

annan religion. Men også muslimane

klamrar seg til trua når døden kjem nær.

Bibelbehov

Bibelvener i Noreg veit at Bibelselskapet i

Ukraina driv med omsetjing, trykking og

distribusjon av biblar. Men ikkje alle veit kor

omfattande arbeidet er, og at det også

omfattar traumelindring og sjelesorg.

– I byrjinga av krigen ønskte mange seg

russiske biblar, men no spør dei aller fleste

etter ukrainske biblar, fortel pastor Tibor.

– Dessutan treng vi ulike typar biblar til

mottakarane. Biblar med stor skrift til eldre

og svaksynte. Og vi treng den nye bibelomsetjinga

til ukrainsk, særleg ungdomar og

unge vaksne ønskjer seg den, og sjølvsagt

treng vi barnebiblar, seier han.

– Behovet er umetteleg, og etter eitt år med

full krig er etterspurnaden større enn nokon

gong.

Nokre flyktningar hadde ein bibel, men ofte

er han brunnen, øydelagt eller har forsvunne

som følgje av krigshandlingane.

Svært mange hadde ikkje nokon bibel

tidlegare, og heller ikkje noko aktivt forhold

til kristen tru. Også dei ønskjer seg no Guds

ord.

– Desse menneska treng i tillegg hjelp til å

ta Bibelen i bruk og vite korleis dei skal

bruke han, fortel Tibor.

Personlege offer

Heile nasjonen vår er ramma, alle er mobil -

iserte, og ingen kan halde seg vekk frå

krigen.

– Ein del menneske i kyrkjeleg teneste, har

opplevd hjarte- og hjerneslag, eller andre

helseproblem, berre fordi dei ikkje kunne

tillate seg å ta ei pause når dei såg dei

enorme behova kringom seg, fortel kommunikasjonsansvarleg

Rostyslav Stasyuk

ved Bibelselskapets Lviv-kontor.

Sivilbefolkninga har ikkje hatt høve til å

førebu seg til eit slikt kjenslefylt stress. Når

det fyller deg dagleg kan det øydeleggje

deg.

– Etter kvart fekk vi ei forståing av at vi

måtte prøve å ta grunnleggjande vare på

oss sjølve, slik at vi varte lenger. Vi måtte

endre tankesettet frå ideen om at dette var

ein sprint, til at det er einmaraton, seier

han.

På den andre sida opplever mange å finne

styrkje ein ikkje visste at ein hadde.

– I arbeidet vi står i, er det lite som motiverer

meir enn å vite at all innsats tel, kvar

bibel som blir gitt bort har kraft i seg til å

endre situasjonen og framtida for eit

menneske.

Tilbake til flyktningfamilien i pinsekyrkja:

– Vi trur på Gud, vi ber heile tida og vi veit

at Gud til sist vil overvinne det vonde og at

krigen vil ta slutt, seier Marharyta.

Kvar gong Bibelselskapets

medarbeidarar dreg til

frontlinja, eller frigjorde

område, går dei alltid

tomme for biblar. Alltid

står det nokre menneske

tilbake utan Bibelen.

– Kva kan vi i Noreg gjere

for å hjelpe?

– Be om fred i Ukraina, be

for krigsoffera, be for

Kyrkja, for Bibelselskapet,

prestane og andre frivillige.

Som truande veit vi

at alt er avhengig av Gud,

og at vi ikkje kan gjere

anna enn å leggje utfordringane

i hendene hans,

seier Rostyslav Stasyuk

ved Bibelselskapets

Lviv-kontor.

– Dernest bed vi om støtte

til biblar. Behova er mykje

større enn forsyningane.

Vi er takksame for infrastrukturen

av kyrkjer og

organisasjonar som jobbar

mellom krigsofra. Det vi

verkeleg treng pengar til,

er derfor å trykkje fleire

biblar - og så er vi sikre på

at dei vil bli distribuerte på

ein god måte.

Foto: Det ukrainske bibelselskap

– Utan Guds ord hadde vi gått til grunne. • nummer 2 I 2023I Bibelgaven 7

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!