07.08.2023 Views

Bibelgaven 3/2023

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

– Hittil har vi som oftast preika på Mooré

fordi vi berre kunne lese Bibelen på det

språket. Derfor gler vi oss stort over at vi no

kan forkynne og lese Bibelen direkte på

bissa utan tolking, seier han.

Lære sitt eige språk

I løpet av fem dagar blei kyrkjelege leiarar

frå fleire trussamfunn i regionen kjent med

Bissa-alfabetet og teologisk terminologi

som blir brukt i den nye Bibelen, og som

tidlegare berre var tilgjengeleg på andre

språk.

Sjølv om bissa er hjartespråket for så

mange menneske, er det eit marginalisert

språk når det gjeld lesing og skriving. Då

Bibelen for første gongen blei omsett til

norsk for over hundre år sidan, hadde det

alt å seie for statusen til vårt eige språk. På

same måten vil også Bissa-bibelen auke

statusen til språket og språkbrukarane.

Isabelle Yigo, ein annan kyrkjeleg leiar,

påpeikar at å ha Bibelen på bissa vil utgjere

ein stor forskjell for kvinner.

– Denne opplæringa vekte lyst og vilje til å

lese på mitt eige morsmål, seier ho.

– Eg oppdaga termar og ord på bissa som

eg ikkje kjende til, og fekk innsikt i den

store rikdommen i språket mitt, som

dessverre er ukjent for mange bissa-folk.

Pastor Yabré Daniel fekk også ei kjensle av

å ha gjenoppdaga sitt eige språk.

– Eg visste ikkje at bissa-språket var så

rikt, seier han.

– Eg oppdaga ord på bissa som ikkje finst

på fransk. Med det eg har lært, kan eg

enkelt både lese og skrive på morsmålet

mitt. Og no har eg også teologiske omgrep

til å kunne preike direkte på bissa utan

tolking i kyrkja.

Store behov

Internasjonale støttespelarar har i mange år

gitt pengar, ressursar og oppmuntring til

omsetjingsteamet.

– Eg takkar Gud som har gjort alt dette

mogleg, seier pastor Yabré.

– Takk også til støttespelarane våre i

Bibelselskapet.

Afrika rommar om lag ein tredel av språka i

verda, og det blir anslått at det over heile

kontinentet er ein stad mellom 1000 og

2000 språk. Mange kan enno ikkje høyre,

lese eller forkynne på sitt eige hjartespråk.

«I Afrika, når ein

stor hovding kjem,

syng vi lovprisingar»

– Eg vaks opp i ein Lyélélandsby,

omtrent 10 mil frå

hovudstaden

Ouagadougou, fortel

Maxime Bakiono. Han

snakkar perfekt fransk.

Det er også språket han til

dagleg snakkar med kona

si, som kjem frå ei anna

etnisk gruppe. Men han er

klar over at røtene hans er

«i landsbyen» og at hjartet

hans taler lyélé.

– Guds ord blei ønskt

velkommen som ein høgstståande

gjest, seier han.

Velkomsten for Guds ord

samla menneske frå alle

sosiale lag, og frå alle

kyrkjelege bakgrunnar.

Til lyden av eit tradisjonelt

instrument, binon, song og

framførte dei alle dansetrinn,

for å prise Gud.

– Lyélé er morsmålet mitt,

språket som er i hjartet

mitt, og no snakkar også

Gud til meg på lyélé, seier

Maxime..

Foto: Dei sameinte bibelselskapa

nummer 3 I 2023I Bibelgaven 21

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!