23.01.2015 Views

Regional plan for kirurgi i Helse Vest 2013 – 2017 vedlegg

Regional plan for kirurgi i Helse Vest 2013 – 2017 vedlegg

Regional plan for kirurgi i Helse Vest 2013 – 2017 vedlegg

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Regional plan for kirurgi i Helse Vest 2013-2017

6.5. Om storvolumkirurgien – generell kirurgi som utfordring

Når oppgåvene innan kreftkirurgien og den akutte traumatologien er strukturert og fordelt, står det

framleis att eit stort tal inngrep som kvar for seg høyrer inn under definerte greinspesialitetar urologisk-,

gastroenterologisk- og karkirurgi samt plastikkirurgi.

Dette gjeld store pasientgrupper, og det er operasjonar som ofte kan gjerast på mindre avdelingar. Dei

opererande avdelingane må ha fagleg godt grunnlag, det er ikkje lenger slik at ”alle kirurgar kan operere

brokk, hemorroider og åreknutar”.

I høve til forskrift om prioritering kjem desse pasientane berre unntaksvis i gruppa med prioritert

helsehjelp.

Dei største gruppene innan hudkirugi er solare keratoser (solskader i huda), først og fremst

basalcellekarcinom (hudkreft), og her er det ein auke som etter alt å døma vil fortsetje. Desse vil medføre

behov for fjerningar, gjentatte biopsiar og nokre større plastiske korreksjonar. Talet på denne gruppa er i

dag estimert til rundt 500 i vår region, truleg er det endå større.

Innan karkirugien er det først og fremst venøs insuffisiens (åreknutar) som utgjer det store volumet, og

dette er ei svært stor gruppe. Det blir operert rundt 6000 årleg i Noreg. Overflatisk og altså operabel,

venøs insuffisiens er åleine ansvarleg for 50 % av alle leggsår. 30 % av alle operasjonane her er

residivoperasjonar. Innføring av Dopplerteknologi har revolusjonert diagnostikken av venøse

sjukdommar. Dei store karkirurgiske avdelingane kan ikkje prioritere desse operasjonane. Dette har oftast

praktiske og kapasitetsmessige årsaker.

Når det gjeld gastroenterologisk kirurgi er det dei store gruppene brokk og endetarmssjukdommar som

ofte havnar utanfor det som vert prioritert på dei store spesialiserte avdelingane. Den talmessig største

gruppa brokk, er lyskebrokk som det skal opererast rundt 6000 av (vaksne) i Noreg årleg. Det betyr meir

enn 1100 i vår region. Navlebrokk (2000) og arrbrokk (>2000) er dei andre store gruppene. Nye

behandlingar, til dømes nettbaserte plastikkar, er dyre for sjukehusa på grunn av kostbart utstyr. Desse er

likevel ein stor fordel for pasientar og samfunn, med vesentleg redusert behov for

rekonvalesens/sjukmelding og for overnatting i sjukehus.

Prosjektgruppa tilrår:

- Det må sikrast at LIS- legane i dei tilhøyrande greinspesialitetane får sirkulert innom avdelingane

der desse operasjonane vert gjort, og får mengdetrening under god supervisjon.

- Det må gjerast ein grenseoppgang innan dei ulike gruppene for kva som skal prioriterast og kva

for kriterier som skal ligge til grunn for dette.

- Greinspesialitetane som dei aktuelle inngrepa høyrer inn under, må ta det faglege ansvaret også

for dei litt mindre inngrepa innan sitt fagområde. Operasjonane kan delegerast til mindre klinikkar

eller sjukehus, men ein del av desse «enklare» inngrepa må moderavdelingen alltid gjera i eigen

klinikk av undervisningsomsyn.

- Den viktigaste måten å effektivisere denne «generelle» kirurgisk verksemda på kan best skje ved

utbygging av dagkirurgien. Det betyr at dei store sjukehusa må bygge ut dagkirurgiske sentra der

både forsking og undervisning får plass parallelt med effektive og gode pasientforløp.

6.6. Traume/multitraumebehandling i Helse Vest

Ein alvorleg skadd pasient er ein person som har pådratt seg openbart alvorlege skader og/eller er

sirkulatorisk/respiratorisk ustabil og/eller har vore utsett for høgenergetisk traume. Med openbart

alvorleg skade meiner ein store blødingar eller knusingar, dislokerte bekkenbrot eller brot i lange

røyrknoklar, ustabil brystkasse, stikk- og skotskader ovanfor olboge og kne samt store brannskadar.

34

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!