14.09.2016 Views

Unikum 5 – 2002 (november)

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Terror rammar HiA

U-landsstudentar ved

HiA skulle til Indonesia i

januar. Terroraksjonar har

sett ein stoppar for turen.

No er Sri Lanka målet.

For to veker sidan fekk studentane

på utviklingsstudiet melding om at studieturen

til Indonesia var avlyst.

Terrorhandlinga på Bali, der ein nattklubb

vart sprengt i lufta, var den utløysande

faktoren.

U-landsstudentane Hans-Erik

Weiby (23) og Tore Langhelle (21)

hadde planane klare for ein månads

studietur på Indonesia. Dei er likevel

positive til at høgskulen gjorde om på

planane.

– HiA har snudd seg raskt rundt, og

avgjersla om ikkje å senda studentar

til Indonesia vert tydeleg framheva

som riktig når UD no tilrår at ingen reiser

dit. Då skulen endra turplanane,

gjaldt advarselen berre for Bali, fortel

Hans-Erik.

Terror og krig

Studentane fekk meldinga på ei førelesing

måndag. Studierettleiar Stein

Kristiansen, som skulle vore med på

turen, informerte klassen om endringane.

Sjølv om nokre hadde spekulert

litt på om terrorhandlinga ville få konsekvensar

for dei 28 som skulle til

Indonesia, vart dei overraska over

meldinga.

– Me visste ikkje at terroren var så

omfattande. Trudde det berre var problem

på Bali, og dit skulle ikkje me.

Vår tur gjekk til Java, Sumatra og

Lombok. Men terrorhandlingane har

ringverknader, og i følgje nokre kjenningar

i Australia, vert det der åtvara

mot å reisa i heile søraust-Asia, sier

Hans-Erik.

– Kva informasjon fekk de?

– Det var i hovudsak terroraksjonen,

men også tidlegare hendingar på

Indonesia der studentar frå HiA har

vore involverte, førte til avlysinga.

Lengre studieår

Studieåret skal forlenges til 10 måneder.

Det betyr at undervisningen

starter tidligere i semesteret, og slutter

senere.

HiA vurderte om skolen skulle gå

over til en ordning med tre semestre,

men falt ned på løsningen med to.

Vårsemesteret blir på 21 uker, mens

høstsemesteret blir på 19 uker. Dato

for studiestart høsten 2003 fastsettes

på neste møte i Høgskolestyret.

U-landsstudentane Hans-Erik Weiby og Tore Langhelle skulle reist til Indonesia

5. januar. På grunn av terroraksjonen på Bali skal dei til Sri Lanka i staden.

Studierettleiar Kristiansen hadde diskutert

saka med både rektor og

Utanriksdepartementet (UD). I tillegg

til dette vil ei eventuell bombing av

Irak setja sinna i kok i Indonesia, som

er det landet med flest muslimar, fortel

Hans-Erik engasjert.

Saman med avlysinga, vart det lagt

fram ein alternativ tur.

– Me skal til Sri Lanka, saman med

ein tidlegare førelesar på utviklingsstudiet.

Han har budd på øya, og skal,

i følgje tidlegare studentar, vera veldig

dyktig, fortel Tore.

Gler seg

Dei to gutane veit framleis lite om

turen til Sri Lanka, men gler seg veldig.

– Dette blir utruleg bra. Faktisk ser

det ut til at Sri Lanka er eit meir attraktivt

reisemål enn Indonesia, for fleire

av dei i klassen som eigentleg skal til

Tanzania vil no heller vera med oss,

seier Hans-Erik.

– Kva skal de skal gjera på turen?

– I Indonesia var alt klart, me skulle

overnatta hos lokale folk, dra på padletur

i jungelen og dra på dagsturar i

små grupper for å gjera feltarbeid. No

Fortsatt sexologi

Videreutdanningsstudiet i sexologi,

som hittil har vært en prøveordning

ved HiA, blir nå permanent.

Forutsetningen er at Elsa Almås og

Esben Ester Pirelli Benestad eller andre

med tilsvarende kompetanse tilsettes

permanent i til sammen minst

80 % stilling.Studiet skal finansieres

ved omdisponering av studieplasser

innen Avdeling for helse- og idrettsfag.

veit me ikkje så mykje om opplegget,

men eg trur me skal reisa rundt på

øya i minibuss og sjå litt på bistandsarbeid.

– Kva veit de om Sri Lanka?

– Eg visste ingen ting før, men har

lese litt om øya etter at det vart klart at

me skal reisa dit. Det var faktisk eit

stort turistmål før borgarkrigen, og HiA

hadde studieturar dit tidleg på 90-talet,

seier Tore.

– Øya vert kalla Indias tåre, og er

om lag ein sjettedel så stort som

Noreg, supplerer Hans-Erik, som òg

har lese litt.

Nye planar

Mange av dei 28 studentane som

skulle til Indonesia, hadde planane

klare for opphald i Thailand eller andre

stader før og etter studieturen.

– Nokre av dei som hadde størst

planar vart vel litt skuffa, men når me

får omstilt oss, trur eg dette kan bli

minst like bra. No kan me dra til India

eller reisa rundt på øya etterpå, seier

Hans-Erik optimistisk.

Av Mari Helland

marih80@frisurf.no

Utsatt sensurfrist

Sensurfristen i modulen Helse og

samfunn (5 vekttal) er utsatt med to

veker, frå 19. desember til 2. januar.

Dette vart godkjent av Høgskolestyret

på sist møte. Grunnen til utsetjinga er

problem med å skaffa ekstern sensor.

Den einaste som ville ta på seg oppdraget

krov at sensurfristen vart utsatt

til 2. januar, og Høgskolestyret valde

difor å gjera unnatak frå regelen om 3

vekers sensurfrist. Eksamen i Helse

og samfunn er 28. november.

November 2002

Unikum

5

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!